-
Nasjonal varslingsprøve onsdag 14.januar
Onsdag 14 januar klokka 12 vert Naudvarsel testa på mobil og Sivilforsvarets varslingsanlegg over heile Noreg i ei felles nasjonal varslingsprøve.
BUA Olden!
Torsdag 28.11 feirar vi innsatsen til elevane på Olden ungdomsskule som har snekra, måla, montert og merka utstyr!Stryn Frivillegsentral har inngått ei leigeavtale med Olden bygdetun, der dei har leigd tre rom for å bruke til BUA og bruktbutikk. Elevar frå faga innsats for andre og arbeidslivsfag har stått på dei siste vekene for å få romma klare til skisesongen. Torsdag 28.11 blir det fest og omvisning i lokala frå 12-17.00.
I tillegg er det gamle venterommet blitt utstyrt med spel, teiknesaker og bøker til utlån frå Stryn bibliotek!
Ønskjer du å bidra til at Olden bygdetun kan bli ein møteplass for heile familien, kom og prat med oss på BUA på torsdag! Det blir servert kake og kaffi!
Del på:
-
Tilskotsordning: ABC i Stryn – samhandling for god psykisk helse
Stryn kommune lyser ut tilskotsmidlar til frivillige lag og organisasjonar gjennom satsinga ABC i Stryn – samhandling for god psykisk helse. Ordninga skal bidra til betre psykisk helse, inkludering og fellesskap i lokalsamfunnet.
-
Dyrkar du bær – eller har du lyst til å starte med bærproduksjon? Då håpar vi du vil bli med på ei kjekk og inspirerande samling på Innvik fruktlager!
-
Teater Vestland kjem til Aldaheim og Trudvang!
I mars kjem Vestland Teater tilbake til Olden og Oppstryn med teater, denne gongen for barn!
-
No kan du som bur i Stryn søke om sletting av studielån!
Dersom du bur i ein mindre sentral kommune 6 og er yrkesaktiv i eller utanfor kommunen, kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet kvart år. Denne ordninga er ny. Opptening etter ordninga kan tidlegast reknast frå 1. januar 2025.