-
Velkommen til ungdommens kveld i Stryn Kulturhus
Tysdag 4.februar inviterer Stryn kulturhus, Ung i Stryn og Stryn Ungdomslag til «Ungdomens kveld» i Stryn Kulturhus. Kvelden er GRATIS - men du MÅ BESTILLE BILLETT!
Bli med på søknadsskrivingskurs!
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane deler ut gåver av overskotet frå Sparebanken Sogn og Fjordane, og alle typar allmennyttige tiltak kan bli tildelt gåvemidlar. Våre søknadsfristar for ordinære gåver er 1. mars og 1. september kvart år.I framkant av søknadsfristen 1. mars 2024 inviterer Sparebankstiftinga til kurs i søknadsskriving.
Kurset er tilpassa lag og organisasjonar som skal søkje midlar til si verksemd, og tar for seg korleis ein søknad om midlar bør sjå ut; anten ein har tenkt å søkje gåvemidlar frå Sparebankstiftinga eller andre tilskotsordningar.
I tillegg vert det høve til å møte stiftinga sin administrasjon på dagtid kursdagen/-staden, om du ønskjer råd og innspel knytt til gåvesøknader. Nedanfor finn du informasjon om kursa og korleis du avtalar møtetid.
KURSPLAN
Onsdag 24. januar 2024 – Stryn
Stryn, Sparebanken Sogn og Fjordane sine lokale.
Kl. 18.00-20.00
Del på:
-
Tell fuglane i hagen i helga!
25. og 26. januar kan du vere med å telle fuglane i hagen eller på foringsstasjonen din.
-
Spennande foredrag på Stryn bibliotek!
Kom å bli med på digitale foredrag på Stryn Bibliotek!
-
Nasjonal varslingsprøve 8. januar!
Onsdag 8. januar klokka 12 vert Naudvarsel testa på mobil og Sivilforsvarets varslingsanlegg over helie Noreg i ei felles nasjonal varslingsprøve.
-
Godt nytt år!
Vi ønskjer alle eit riktig godt nytt år, måtte 2025 vere fylt av mange flotte arrangement og aktivitetar i den flotte kommunen vår! Og hugs å registrere dei i istryn-kalenderen.