-
No kan endå fleire reise med bestillingsbuss!
Frå 23. juni kjem nye bestillingstilbod i delar av Nordfjord. Her finn du oversikt over kva tilbod Stryn får med Skyss Bestilling.
Årets Frivilligpris er kåra!
Frivilligprisen er delt ut for året 2023 til Bjørg Jorunn Vinsrygg SteenÅrets prisvinnar er den yngste gjennom tidene.
Det kan også godt vere at ho er ein av dei som har lengst fartstid som frivillig her, i tillegg til leiarverv og drivkraft i vår kommune. I 44 år inkludert dei åra ho var vekke i utdanning vore frivillig og ei eldsjel. Gloppen og Hamar har hatt gleda av å ha vår vinnar i det frivillige virket der.
Det heile starta rundt kjøkkenbordet i heimen. Ei mor som tende gnisten i å sjå urettferd i verda.
Ho samla naboungar rundt same bordet og med hjelp av mor laga dei fine ting og selde desse tinga til inntekt for Redd Barna.
Perleklubben besto i mange år, og heile tida med same mottakar av pengane dei samla inn. Barn hjelper Barn gjennom Redd Barna.
I tillegg skal vi nemne på rekk og rad:
Folkedansinstruktør i Stryn Ungdomslag
Aspirantinstruktør Korps
Korleiar for fleire barnekor, ungdomskor og blandakor
Dirigent for Stryn skulekorps
Leiar for Stryn Ungdomslag
Instruktør for Babysong gruppa
Aktivitetsleiar på måndagsdiskotek for psykisk utviklingshemma
Oppmann i handball G 14
Teaterinstruktør for ulike oppsettingar
Medarrangør for kulturnatt
Soknerådet
Scenekunstlinja på Flo aktivitetsveke
Musikalsk leiar for Fargespel Stryn
Kasserer i Redd Barna Stryn
Som de høyrer, er barn og unge ein raud tråd gjennom alt arbeid denne personen har driv med alle desse åra. Dei aller fleste barn her i sentrum har vore i kontakt med henne i kulturlivet vårt.
Kvar ei bygd skulle vore velsinga av ei kraft som
BJØRG JORUNN VINSRYGG STEEN.
Stryn Frivilligsentral og alle her i salen gratulerer så mykje med velfortent pris.
Foto: Roger Oldeide Fjordingen
Del på:
-
Søk støtte til inkluderande møteplassar – tilskotsordning frå Stryn kommune
ålet er å tilby aktivitetar som fremjar helse og livskvalitet, og å styrkje samarbeidet mellom frivillige organisasjonar og kommunale tenester.
-
Kulturdag på Nordsida
Velkomen til ein heilt spesiell dag ved vakre Sagedammen, der den tradisjonelle kulturdagen vert feira med kunst, fellesskap og musikk for heile familien!
-
Sommarskule med fokus på kunst og handverk
I veke 32 og 33 for deg mellom 10-14 år!
-
Vareniki- dag i Ulvedal
Har du lyst til å lære å lage ekte ukrainske dumplings – vareniki – med potet og løk? Bli med på en koselig og uformell matopplevelse ved vakre Sagedammen i Ulvedal!