ALLE MED-dugnad og Kulturstove
25. april arrangerte Stryn kommune ALLEMED-dugnad. Over 70 engasjerte personar frå frivilligheit, kommune og næringsliv møtte opp for å komme opp med løysingar for å inkludere alle barn og unge i fritidsaktivitet.Løysingane med flest stemmer var:
1. Fleire opne møteplassar for barn og unge.
2. “Tilflyttarteneste”
3. Løfte eksisterande støtteordningar.
Kommunen har eit overordna ansvar for å følgje opp løysingane og dei som tok på seg ansvaret for løysingane, og vil fortsette med det utover hausten. Eit av tiltaka som er ei oppfølging etter dugnaden er Kulturstove – ein open møteplass i kulturhuset etter skuletid for 4. - 7. trinn.
Kulturhuset vil med støtte av midlar frå Barne- og familiedirektoratet skape ein open møteplass for 4.-7. trinn etter skuletid annankvar torsdag i kulturhuset. Møteplassen vil vere open frå 14.30-17.00. Den opne møteplassen vil heite Kulturstove for å bygge på kommunedelplan for kultur sine mål om at kulturhuset skal vere Stryn si storstove. Utover spel, mat og diverse andre aktivitetar ønskjer vi at den opne møteplassen blir fylt med spennande, og gjerne kulturelle og kreative aktivitetar for målgruppa.
Vi inviterer frivilligheita til å vere med, med det de er gode på! Dette er eit høve til å vise fram sin aktivitet og rekruttere nye medlemmer og deltakarar til dykkar aktivitet. Ein aktivitet kan til dømes vere frå 16 til 17. Døme på aktivitetar kan vere kunstverkstad, spikking, sykurs, gaming, baking, fotokurs, konsert, dansekurs eller oppvising av anna slag. Vi er opne for alle forslag til aktivitetar som kan treffe målgruppa, og det treng ikkje vere eit stort opplegg. Stryn kommune vil dekke eventuelle utlegg de har til aktiviteten etter nærare avtale. Aktiviteten skal vere mogleg å vere med på utan påmelding.
Om nokon er interesserte i å høyre meir om, eller vere med på prosjektet, ta kontakt med Ingrid Heieren Sølvberg (ingrid.heieren@stryn.kommune.no) ved kulturkontoret for meir informasjon.
Del på:
-
Frivillegheita sin dag!
5. desember er FNs internasjonale dag for frivillegheit!
-
Inkluderingsfond skal hindre fråfall i fritidsaktivitetar
Vestland idrettskrets og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har eit eige inkluderingsfond, der du kan du søke om midlar til å dekke for eksempel treningsavgift og utstyr via den lokale klubben eller idrettslaget ditt. Målet med fondet er å hindre utanforskap og fråfall blant barn og unge i Sogn og Fjordane.
-
Kvifor feirar vi Halloween?
Visste du at markeringar knytt til natt til 1. november er ein av dei eldste heidenske tradisjonane vi har?
-
Hjarte for lokalsamfunnet, og feiring av frivillege!
Torsdag 19. oktober delte Sparebanken Vest ut 1 million kroner til lag og foreiningar i Stryn, og toppa det med den eine artisten etter den andre som underhaldt ein full Strynehall!
-
Årets utlysing for inkludering av barn og unge er klar!
Søk BUFDIR- midlar innan 03.11.2023!