FORENINGSPORTAL Foreninger i Stryn

PEDER GALD I ORD, BILETE OG TONAR

Vi håpar mange finn vegen til Nordsida kyrkje laurdag 14. november kl. 18.00 eller Hornindal kyrkje søndag 15.november kl 1800

Saman med forteljar Arne M. Sølvberg og trekkspelar Håvard Svendsrud kjem Ensemble NordLys frå Gloppen med framsyninga «Peder Gald – lausungen frå Blakset som vart skipskommandør i Amerika».

Gjennom Arne M. Sølvberg si levande forteljing, stemningsfulle bilete på storskjerm og eit variert musikalsk uttrykk får publikum kome tett på både mennesket Peder Gald og den fascinerande livshistoria hans

Det blir billettsal i døra, men det kan vere lurt å sikre seg billettar på førehand:

Nordsida kyrkje 14. november kl. 18.00:billettar 

Hornindal kyrkje 15. november kl. 18.00 billettar 

Framsyninga blir også vist i Breim kyrkje 12.november kl 1900. De finn meir informasjon om framsyninga på Facebook-sida til Ensemble NordLys.

Vi ønskjer alle hjarteleg velkomne til ei minneverdig framsyning!

Nyttige lenker

Kontakt

Sosiale media

2026 © Foreningsportal