-
Sjekk familien for lus i helga!
Hovudlus er vanleg blant barn og kan spreie seg raskt når barn leiker og er tett saman. No er det tid for den nasjonale hovudluskampanjen, og vi oppmodar alle foreldre og føresette til å sjekke barna for hovudlus.
Friluftslivets veke
Finn din tur, og bli med å feire norsk naturVeka går av stabelen 5.–14. september, og er ei oppmoding til alle om å kome seg ut og oppleve naturen – anten du går ein lang fjelltur, tek ein liten tur i nærområdet eller berre finn ein fin stad å sitje ute. Friluftsliv treng ikkje vere avansert. Du treng ikkje mykje utstyr, og turen treng ikkje vere lang. Ein tur i skogen, ein sykkeltur, bål på stranda eller leik ute med barna kan vere friluftsliv.
Finn din tur!
Friluftslivets veke er ein fin anledning til å prøve noko nytt, eller kanskje berre gjere meir av det du allereie likar. Ta med ein ven, familien eller naboen – eller nyt ein tur heilt åleine.For barn og unge kan det vere ekstra fint å få oppleve at naturen er ein stad for både leik, aktivitet og fellesskap. Og kanskje treng ein ikkje alltid gå så langt? Det viktigaste er å kome seg ut.
Finn tips til turar:
https://www.dnt.no/dnt-der-du-er/dnt-sogn-og-fjordane/indre-nordfjord-turlag/
https://ut.no/kart/liste/50920/dagsturhyttene-sogn-og-fjordane#7.84/61.563/5.647
Legg ut eigne turar på aktivitetskalenderen til norskfriluftsliv, eller bruk appen stikkut for inspirasjon
I Stryn har vi naturen tett på, med fjord, fjell, skog, vatn og mange fine turmoglegheiter. Bruk nærmiljøet og finn ein stad som passar for deg- God tur!
Del på:
-
Fjordane friluftsråd inviterar til to friluftsskular i Stryn i sommar!
Friluftsskule – opplevingar, meistring og friluftsglede 30.06-01.07- Innvik/Utvik 04.08-06.08- Stryn/Blakset
-
Sommarferiedagar for ungdom!
Ung i Stryn inviterar til ÅRETS "SOMMARFERIEDAGAR FOR UNGDOM"! Vi har eit fullspekka program som går dei to første vekene av sommarferien, men vi har også spart på nokre go`bitar til den siste veka før skulestart! Uansett - vi håpar at mange vil finne noko som dei har lyst å delta på - og kanskje skape minner og opplevingar for livet!
-
Varslingsprøve 10. juni kl. 12.00
Onsdag 10. juni kl 12.00 blir Nødvarsel på mobil og tyfonane (Sivilforsvaret sitt varslingsanlegg) testa over heile Noreg i ei felles nasjonal varslingsprøve.
-
Siste møteplass før sommaren
Familienes møteplass – siste samling før sommarferien