-
Friluftslivets veke
Finn din tur, og bli med å feire norsk natur
Sjekk familien for lus i helga!
Hovudlus er vanleg blant barn og kan spreie seg raskt når barn leiker og er tett saman. No er det tid for den nasjonale hovudluskampanjen, og vi oppmodar alle foreldre og føresette til å sjekke barna for hovudlus.Den beste måten å oppdage hovudlus på er å greie håret grundig med ein lusekam. Sjekk gjerne heile familien samtidig – også om ingen har kløe eller andre symptom. Hovudlus kan nemleg finnast utan at ein merkar det.
Slik gjer du:
- Fukt håret og bruk gjerne litt balsam.
- Gre håret grundig med ein lusekam, heilt frå hovudbotnen og ut i lengdene.
- Tørk av kammen på eit kvitt papir eller tørkepapir mellom kvar omgang, slik at du lettare kan sjå om det er lus.
- Finner du lus, bør behandling startast så snart som mogleg. Følg rettleiinga for behandling nøye.
Hovudlus kan ikkje hoppe eller fly – dei kryp frå hår til hår. Det er derfor først og fremst nærkontakt som fører til smitte.
Set av nokre minutt i helga og ta ein lusesjekk!
Når alle sjekkar samtidig, er det lettare å få kontroll på hovudlusa og hindre at dei spreier seg vidare.
Takk for at du bidreg til å redusere lusesmitte i barnehage, skule og nærmiljø!
Les meir om kampanjen HER
Del på:
-
Fjordane friluftsråd inviterar til to friluftsskular i Stryn i sommar!
Friluftsskule – opplevingar, meistring og friluftsglede 30.06-01.07- Innvik/Utvik 04.08-06.08- Stryn/Blakset
-
Sommarferiedagar for ungdom!
Ung i Stryn inviterar til ÅRETS "SOMMARFERIEDAGAR FOR UNGDOM"! Vi har eit fullspekka program som går dei to første vekene av sommarferien, men vi har også spart på nokre go`bitar til den siste veka før skulestart! Uansett - vi håpar at mange vil finne noko som dei har lyst å delta på - og kanskje skape minner og opplevingar for livet!
-
Varslingsprøve 10. juni kl. 12.00
Onsdag 10. juni kl 12.00 blir Nødvarsel på mobil og tyfonane (Sivilforsvaret sitt varslingsanlegg) testa over heile Noreg i ei felles nasjonal varslingsprøve.
-
Siste møteplass før sommaren
Familienes møteplass – siste samling før sommarferien