-
Bli med som bøssebærar for TV-aksjonen!
Søndag 18. oktober går årets TV-aksjon av stabelen, der inntektene går til NRC Flyktninghjelpen under temaet «Saman for menneske på flukt»
Fjordane friluftsråd inviterar til to friluftsskular i Stryn i sommar!
Friluftsskule – opplevingar, meistring og friluftsglede 30.06-01.07- Innvik/Utvik 04.08-06.08- Stryn/BlaksetFriluftsskulen er eit dagstilbod for barn og unge i kommunen som ønskjer å oppleve naturen på ein aktiv, trygg og lærerik måte. Aktivitetane vert gjennomførte i ulike naturmiljø, tilpassa dei lokale moglegheitene i kvar kommune. Målet er å gje deltakarane gode naturopplevingar, styrkje interessa for friluftsliv og skape meistring gjennom leik, aktivitet og fellesskap.
Gjennom friluftsskulen får deltakarane ei positiv innføring i friluftsliv, der det viktigaste er å ha det kjekt saman ute. Aktivitetane legg til rette for utforsking, samarbeid og læring gjennom praktiske erfaringar.
Gjennomføring
Friluftsskulen går over tre dagar:
- Dag 1: kl. 09.00–15.00
- Dag 2: oppstart kl. 09.00, med overnatting til dag 3
- Dag 3: avslutning kl. 15.00
Det er frivillig å overnatte. Føresette er hjarteleg velkomne til å delta på overnattinga dersom dei ønskjer det.
Friluftsskulen har plass til om lag 20 deltakarar. Det meste av undervisninga og aktivitetane vil gå føre seg samla, men ved enkelte aktivitetar kan deltakarane bli delte inn i mindre grupper.
Tilpassa natur og vêr
Vestlandsvêret kan vere skiftande, og både vind og nedbør må reknast med. Enkelte aktivitetar, særleg dei som involverer båt eller kajakk ved kysten, er avhengige av gode og trygge vêrforhold.
Programmet er difor fleksibelt, og det kan bli gjort endringar undervegs dersom vêret eller andre forhold gjer det nødvendig. Vi har alltid alternative aktivitetar og løysingar som sikrar gode opplevingar og trygg gjennomføring for alle deltakarar.
Praktisk informasjon og påmelding her!
Del på:
-
Kva meiner du om reiselivet i Stryn?
Reiselivet skaper aktivitet, arbeidsplassar og gode opplevingar, men kan òg føre til utfordringar for naturen og lokalsamfunna våre.
-
Skarsteinsetra opp, 12. september!
Om du springe, syklar, går eller trillar er du velkommen til å delta på årets begivenhet Skarsteinsetra opp i Olden, arrangert av Olden Idrettslag.
-
Når Nils Vik legg ut på si siste reise
Teater Vestland tek Frode Grytten sin prisvinnande roman «Den dagen Nils Vik døde» til scena. Det blir ei forteljing om eit heilt liv, om kjærleik, menneskemøte og den siste reisa ut fjorden. Sjå framsyninga i Oppstryn 09.september eller i Aldaheim i Olden 10.september
-
Friluftslivets veke
Finn din tur, og bli med å feire norsk natur