-
Bli med som bøssebærar for TV-aksjonen!
Søndag 18. oktober går årets TV-aksjon av stabelen, der inntektene går til NRC Flyktninghjelpen under temaet «Saman for menneske på flukt»
Siste møteplass før sommaren
Familienes møteplass – siste samling før sommarferienVoksne for Barn inviterer til ein ny og kjekk dag på familiens møteplass – den siste samlinga før sommarferien. Arrangementet går av stabelen søndag 31. mai kl. 12.00–15.00 på Stadion, og det vert aktivitetar for både små og store gjennom heile dagen.
På ridebana kjem Hingarden Stall med hestar for riding og stell. Her får barna høve til å bli kjende med hestane i trygge omgjevnader, og hjelmar og nødvendig utstyr vil vere tilgjengeleg. Ved nausta vert det også mogleg å prøve kanopadling. Vaksne med nødvendig kompetanse vil vere til stades og ta hand om sikkerheita under aktivitetane.
I tillegg vert det ulike leikar og aktivitetar for heile familien, med fokus på fellesskap, glede og gode opplevingar saman.
Alt er gratis!
Arrangørane håpar mange tek turen til ein sosial og aktiv søndag før sommaren tek til.
Del på:
-
Kva meiner du om reiselivet i Stryn?
Reiselivet skaper aktivitet, arbeidsplassar og gode opplevingar, men kan òg føre til utfordringar for naturen og lokalsamfunna våre.
-
Skarsteinsetra opp, 12. september!
Om du springe, syklar, går eller trillar er du velkommen til å delta på årets begivenhet Skarsteinsetra opp i Olden, arrangert av Olden Idrettslag.
-
Når Nils Vik legg ut på si siste reise
Teater Vestland tek Frode Grytten sin prisvinnande roman «Den dagen Nils Vik døde» til scena. Det blir ei forteljing om eit heilt liv, om kjærleik, menneskemøte og den siste reisa ut fjorden. Sjå framsyninga i Oppstryn 09.september eller i Aldaheim i Olden 10.september
-
Friluftslivets veke
Finn din tur, og bli med å feire norsk natur