-
Bli med som bøssebærar for TV-aksjonen!
Søndag 18. oktober går årets TV-aksjon av stabelen, der inntektene går til NRC Flyktninghjelpen under temaet «Saman for menneske på flukt»
Gratulere med dagen!
I dag, 8. mai, markerer vi ein av dei viktigaste dagane i norsk historie.Den 8. mai 1945 kapitulerte dei tyske styrkane i Noreg etter fem år med okkupasjon. Gleda over fridomen var enorm. Folk samla seg i gatene, flagga vart heiste, og landet kunne endeleg starte arbeidet med å byggje opp att eit fritt og demokratisk samfunn. Frigjeringsdagen minner oss om kor viktig det er å verne om fred, demokrati og menneskerettar – verdiar som ikkje kan takast for gitt.
Samtidig er dagen også ein veterandag. Vi heidrar kvinner og menn som har gjort teneste for Noreg, både heime og ute. Mange har delteke i krevjande oppdrag for å skape tryggleik, hjelpe sivile og bidra til fred i andre delar av verda. Veterandagen gir oss høve til å vise takksemd og respekt for innsatsen deira.
8. mai er òg den internasjonale dagen til Røde Kors. Denne dagen blir markert over heile verda til minne om fødselsdagen til grunnleggjaren Henry Dunant, som stod bak ideen om nøytral hjelp til menneske i krig og katastrofar. Røde Kors arbeider kvar dag for å hjelpe menneske i nød – både internasjonalt og lokalt. Frivillige stiller opp når ulukker skjer, når menneske treng omsorg, eller når nokon føler seg aleine.
Del på:
-
Kva meiner du om reiselivet i Stryn?
Reiselivet skaper aktivitet, arbeidsplassar og gode opplevingar, men kan òg føre til utfordringar for naturen og lokalsamfunna våre.
-
Skarsteinsetra opp, 12. september!
Om du springe, syklar, går eller trillar er du velkommen til å delta på årets begivenhet Skarsteinsetra opp i Olden, arrangert av Olden Idrettslag.
-
Når Nils Vik legg ut på si siste reise
Teater Vestland tek Frode Grytten sin prisvinnande roman «Den dagen Nils Vik døde» til scena. Det blir ei forteljing om eit heilt liv, om kjærleik, menneskemøte og den siste reisa ut fjorden. Sjå framsyninga i Oppstryn 09.september eller i Aldaheim i Olden 10.september
-
Friluftslivets veke
Finn din tur, og bli med å feire norsk natur