-
Bli med som bøssebærar for TV-aksjonen!
Søndag 18. oktober går årets TV-aksjon av stabelen, der inntektene går til NRC Flyktninghjelpen under temaet «Saman for menneske på flukt»
Folkehelseundersøkinga 2026
I april 2026 får eit utval av innbyggjarar i Vestland over 18 år invitasjon til å delta i folkehelseundersøkinga. Undersøkinga er nettbasert, og dei som er plukka ut, får invitasjon på SMS eller e-post.Kva spør vi om?
Spørsmåla i undersøkinga handlar om ulike forhold som påverkar helse og livskvalitet innan desse temaa:
- nærmiljø og bustadforhold
- levevanar
- sosial støtte og livskvalitet
- fysisk og psykisk helse
Det er frivillig å delta, men vi oppmodar alle som blir inviterte, til å svare på undersøkinga. Svara dine gir verdifull kunnskap til kommunen din.
Du kan lese meir om undersøkinga her
Del på:
-
Kva meiner du om reiselivet i Stryn?
Reiselivet skaper aktivitet, arbeidsplassar og gode opplevingar, men kan òg føre til utfordringar for naturen og lokalsamfunna våre.
-
Skarsteinsetra opp, 12. september!
Om du springe, syklar, går eller trillar er du velkommen til å delta på årets begivenhet Skarsteinsetra opp i Olden, arrangert av Olden Idrettslag.
-
Når Nils Vik legg ut på si siste reise
Teater Vestland tek Frode Grytten sin prisvinnande roman «Den dagen Nils Vik døde» til scena. Det blir ei forteljing om eit heilt liv, om kjærleik, menneskemøte og den siste reisa ut fjorden. Sjå framsyninga i Oppstryn 09.september eller i Aldaheim i Olden 10.september
-
Friluftslivets veke
Finn din tur, og bli med å feire norsk natur