-
Bli med som bøssebærar for TV-aksjonen!
Søndag 18. oktober går årets TV-aksjon av stabelen, der inntektene går til NRC Flyktninghjelpen under temaet «Saman for menneske på flukt»
Rock your socks- rokkesokk!
Kvart år den 21. mars markerer verda World Down Syndrome Day. I Noreg har markeringa fått namnet Rockesokk, og oppmodinga er enkel: Ta på deg to ulike sokkar denne dagen.Dei ulike sokkane symboliserer at det er heilt greitt å vere forskjellig. Kampanjen handlar om å vise støtte til menneske med Downs syndrom og å setje fokus på inkludering, mangfald og likeverd i samfunnet.
Datoen 21. mars er ikkje tilfeldig. Downs syndrom skuldast at ein har tre kopiar av kromosom nummer 21, og datoen 21.3 symboliserer nettopp dette.
Med denne enkle gesten, å ta på seg ulike sokkar, har vi alle moglegheit til å stå opp for mangfald i samfunnet, menneske sitt likeverd, moglegheiter og rettar. Dette gir òg rom for djupare samtalar og kunnskap om korleis ulikskapar berikar samfunnet vårt.
Kunnskap er nødvendig for å auke medvitet om korleis delar av samfunnet framleis utestengjer og diskriminerer enkeltpersonar og grupper. Kunnskap om menneskerettar og om korleis konvensjonar og lovverk faktisk kan bli verkelegheit dersom vi tek mangfaldet sine kvalitetar og styrkar på alvor.
Del på:
-
Kva meiner du om reiselivet i Stryn?
Reiselivet skaper aktivitet, arbeidsplassar og gode opplevingar, men kan òg føre til utfordringar for naturen og lokalsamfunna våre.
-
Skarsteinsetra opp, 12. september!
Om du springe, syklar, går eller trillar er du velkommen til å delta på årets begivenhet Skarsteinsetra opp i Olden, arrangert av Olden Idrettslag.
-
Når Nils Vik legg ut på si siste reise
Teater Vestland tek Frode Grytten sin prisvinnande roman «Den dagen Nils Vik døde» til scena. Det blir ei forteljing om eit heilt liv, om kjærleik, menneskemøte og den siste reisa ut fjorden. Sjå framsyninga i Oppstryn 09.september eller i Aldaheim i Olden 10.september
-
Friluftslivets veke
Finn din tur, og bli med å feire norsk natur