-
Bli med som bøssebærar for TV-aksjonen!
Søndag 18. oktober går årets TV-aksjon av stabelen, der inntektene går til NRC Flyktninghjelpen under temaet «Saman for menneske på flukt»
Bli med på vårryddedagen 21. mars
Når snøen smeltar og våren nærmar seg, kjem også mykje av søppelet som har lege skjult gjennom vinteren til syne. Laurdag 21. mars 2026 oppmodar Naturvernforbundet folk over heile landet til å bli med på vårryddedagen – ein dugnad for naturen før fuglane kjem tilbake til hekkeplassane sine.Når snøen smeltar og våren nærmar seg, kjem også mykje av søppelet som har lege skjult gjennom vinteren til syne. Laurdag 21. mars 2026 oppmodar Naturvernforbundet folk over heile landet til å bli med på vårryddedagen – ein dugnad for naturen før fuglane kjem tilbake til hekkeplassane sine. Naturvernforbundet sine lokal- og fylkeslag har halde på med strandrydding i over 50 år. Laga ryddar langs elvar, innsjøar, vassdrag og strender – og elles i naturen – gjennom heile året og over heile landet.
Vårryddedagen er ein enkel og konkret måte å ta vare på naturen rundt oss på. Plast, emballasje og anna avfall som ligg i naturen kan vere farleg for både fuglar og dyr. Ved å rydde tidleg på våren kan vi fjerne søppel før dyrelivet tek områda i bruk igjen.
Naturvernforbundet oppmodar både enkeltpersonar, familiar, lag, skular og barnehagar til å delta. Ein treng ikkje organisere store arrangement – det kan vere like enkelt som å ta med ein pose på tur og plukke søppel langs vegen, ved stranda eller i nærmiljøet. Etter en ryddeaksjon kan du registrere søppelet du har plukket i folkeforskningsportalen Rydde: https://ryddenorge.no/.
Sjølv om den nasjonale vårryddedagen er 21. mars, er bodskapen klar: Dersom datoen ikkje passar, kan ein like gjerne rydde ein annan dag. Det viktigaste er at vi bidreg før hekkesesongen startar.
Del på:
-
Kva meiner du om reiselivet i Stryn?
Reiselivet skaper aktivitet, arbeidsplassar og gode opplevingar, men kan òg føre til utfordringar for naturen og lokalsamfunna våre.
-
Skarsteinsetra opp, 12. september!
Om du springe, syklar, går eller trillar er du velkommen til å delta på årets begivenhet Skarsteinsetra opp i Olden, arrangert av Olden Idrettslag.
-
Når Nils Vik legg ut på si siste reise
Teater Vestland tek Frode Grytten sin prisvinnande roman «Den dagen Nils Vik døde» til scena. Det blir ei forteljing om eit heilt liv, om kjærleik, menneskemøte og den siste reisa ut fjorden. Sjå framsyninga i Oppstryn 09.september eller i Aldaheim i Olden 10.september
-
Friluftslivets veke
Finn din tur, og bli med å feire norsk natur