-
Bli med som bøssebærar for TV-aksjonen!
Søndag 18. oktober går årets TV-aksjon av stabelen, der inntektene går til NRC Flyktninghjelpen under temaet «Saman for menneske på flukt»
Tilskotsordning: ABC i Stryn – samhandling for god psykisk helse
Stryn kommune lyser ut tilskotsmidlar til frivillige lag og organisasjonar gjennom satsinga ABC i Stryn – samhandling for god psykisk helse. Ordninga skal bidra til betre psykisk helse, inkludering og fellesskap i lokalsamfunnet.Stryn kommune har motteke 150 000 kroner i tilskot frå Vestland fylkeskommune til formålet.
ABC-modellen
Tiltaka skal byggje på ABC-modellen for god psykisk helse:
A – Gjer noko aktivt
B – Gjer noko saman
C – Gjer noko meiningsfullt
Fristar:
Søknadsfrist: 28. januar 2026
Tiltaket må vere gjennomført innan 15. juni 2026
Kven kan søkje?
Frivillige lag, foreiningar og organisasjonar i Stryn kommune som tilbyr aktivitetar retta mot éi eller fleire av desse målgruppene:
- Barn og unge (6–16 år)
- Ungdom og studentar (14–25 år)
- Eldre (65+)
- Minoritetar
- Låginntektsfamiliar
- Personar med funksjonsnedsetting
- Nybakte foreldre
Kva tiltak kan få støtte?
Vi gir støtte til tiltak som:
- fremjar aktivitet, fellesskap og meining
- skaper inkluderande møteplassar
- bidreg til å redusere utanforskap
- legg til rette for samarbeid mellom frivillig sektor og lokale aktørar
- er opne og tilgjengelege for målgruppene
- kan gjennomførast innan 2026
Døme på tiltak kan vere
men er ikkje avgrensa til:
- fellesarrangement
- opne aktivitetstilbod
- kurs og verkstader
- generasjonsmøte
- aktivitetsgrupper
- kultur- og friluftsprosjekt
Kva kan det søkjast om?
Tilskot kan dekke:
- utstyr og forbruksmateriell til aktivitet
- gjennomføring av arrangement
- transport og tilrettelegging
- opplæring av frivillige
- marknadsføring/informasjon
- andre kostnader direkte knytt til tiltaket
Det vert normalt ikkje gitt støtte til:
- ordinær drift
- lønn/stillingar (utanom kortvarig instruksjon eller honorar)
Trykk HER for å kome til skjemaet
Del på:
-
Kva meiner du om reiselivet i Stryn?
Reiselivet skaper aktivitet, arbeidsplassar og gode opplevingar, men kan òg føre til utfordringar for naturen og lokalsamfunna våre.
-
Skarsteinsetra opp, 12. september!
Om du springe, syklar, går eller trillar er du velkommen til å delta på årets begivenhet Skarsteinsetra opp i Olden, arrangert av Olden Idrettslag.
-
Når Nils Vik legg ut på si siste reise
Teater Vestland tek Frode Grytten sin prisvinnande roman «Den dagen Nils Vik døde» til scena. Det blir ei forteljing om eit heilt liv, om kjærleik, menneskemøte og den siste reisa ut fjorden. Sjå framsyninga i Oppstryn 09.september eller i Aldaheim i Olden 10.september
-
Friluftslivets veke
Finn din tur, og bli med å feire norsk natur