-
Bli med som bøssebærar for TV-aksjonen!
Søndag 18. oktober går årets TV-aksjon av stabelen, der inntektene går til NRC Flyktninghjelpen under temaet «Saman for menneske på flukt»
Teater Vestland kjem til Aldaheim og Trudvang!
I mars kjem Vestland Teater tilbake til Olden og Oppstryn med teater, denne gongen for barn!Turneen er ein del av "Lys i Bygda" prosjektet, der alt overskotet går tilbake til bygdehusa og ungdomslaga. Billettsystemet nyttar "betal det du kan"- prinsippet, med ulike prisklassar ein kan velje mellom.
I denne framsyninga skal Fridtjof Nansens tapte ære gjenopprettast. Det blir ei førestilling med humor, dyrking av vinnarmentalitet og utradisjonelle førebuingar.
Her kan du bestille billettar
Dette står på heimesida om teaterstykket:
Ei eventyrleg, mystisk og morosam reise ned i havets djup, basert på Jules Verne si klassiske forteljing.
Professor Arronax og kvalfangaren Neddy er på jakt etter eit sjøuhyre, men dei oppdagar raskt at det finst endå meir uhyrlege ting der nede i det store blå. Dei støyter på den underlege ubåten Nautilus, der kapteinen om bord, Nemo, har ein skummel plan som gjer at Arronax og Neddy aldri igjen vil sjå land. Blir dei borte for alltid, eller klarer dei å stanse Nemo?
I Teater Vestland sin versjon av Ei verdsomsegling under havet – kaptein Nemos hemn er havet djupare og vakrere enn nokosinne, og Kaptein Nemo har endå mørkare hemmelegheiter. Bli med oss på den spennande ferda!
Sidan ingen vaksne har full oversikt over kva som finst der nede i djupet, har vi måtta setje vår lit til barnas fantasi. Barn langs turnéruta har teikna havets hemmelege kryp og vesen, og så har verkstadene våre gjort sitt beste for å lage dei.
Del på:
-
Kva meiner du om reiselivet i Stryn?
Reiselivet skaper aktivitet, arbeidsplassar og gode opplevingar, men kan òg føre til utfordringar for naturen og lokalsamfunna våre.
-
Skarsteinsetra opp, 12. september!
Om du springe, syklar, går eller trillar er du velkommen til å delta på årets begivenhet Skarsteinsetra opp i Olden, arrangert av Olden Idrettslag.
-
Når Nils Vik legg ut på si siste reise
Teater Vestland tek Frode Grytten sin prisvinnande roman «Den dagen Nils Vik døde» til scena. Det blir ei forteljing om eit heilt liv, om kjærleik, menneskemøte og den siste reisa ut fjorden. Sjå framsyninga i Oppstryn 09.september eller i Aldaheim i Olden 10.september
-
Friluftslivets veke
Finn din tur, og bli med å feire norsk natur