-
Fjordane friluftsråd inviterar til to friluftsskular i Stryn i sommar!
Friluftsskule – opplevingar, meistring og friluftsglede 30.06-01.07- Innvik/Utvik 04.08-06.08- Stryn/Blakset
No kan du som bur i Stryn søke om sletting av studielån!
Dersom du bur i ein mindre sentral kommune 6 og er yrkesaktiv i eller utanfor kommunen, kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet kvart år. Denne ordninga er ny. Opptening etter ordninga kan tidlegast reknast frå 1. januar 2025.Kven kan få sletta studielån?
For å få sletta lån må du oppfylle desse krava i 12 samanhengande månader (oppteningsperioden):
Du må bu i ein mindre sentral kommune (klasse 5 eller 6 på sentralitetsindeksen)
Du må vere yrkesaktiv, anten i kommunen du bur i eller utanfor.
Lån kan slettast når du har oppfylt vilkåra i oppteningsperioden. Opptening etter den nye ordninga kan tidlegast reknast frå 1. januar 2025.
Dersom du både bur og arbeider i Finnmark eller Nord-Troms, kan du få sletta lån etter ordninga som gjeld for denne regionen (innsatssona), uavhengig av kva sentralitetsklasse kommunen har.
Les meir om ordninga for Finnmark og Nord-Troms.
Du må bu i ein godkjend kommune
For å få sletta gjeld må du bu i ein godkjend kommune i ein oppteningsperiode på 12 samanhengande månader. Med godkjend kommune meiner vi ein kommune i klasse 5 eller 6 på sentralitetsindeksen til Statistisk sentralbyrå.
Å bu i kommunen inneber at du både må vere folkeregistrert der og faktisk bu der.
Sjå liste over kommunar der du kan få sletta studielån.
Du må vere yrkesaktiv
Du må vere yrkesaktiv, men det er ikkje eit krav at du arbeider i kommunen du bur i. Du treng heller ikkje vere heiltidsansett for å bli rekna som yrkesaktiv, men du må oppfylle minst eitt av punkta under:
Arbeid i minst 50 prosent stilling
Fulltidsarbeid i minst seks månader av oppteningsperioden, og vere registrert arbeidssøkjar hos Nav dei resterande seks månadene
Omsorg for barn fødde i 2016 eller seinare, eller særleg tyngjande omsorgsoppgåver i nær familie
Du kan lese meir og søke HER
Del på:
-
Sommarferiedagar for ungdom!
Ung i Stryn inviterar til ÅRETS "SOMMARFERIEDAGAR FOR UNGDOM"! Vi har eit fullspekka program som går dei to første vekene av sommarferien, men vi har også spart på nokre go`bitar til den siste veka før skulestart! Uansett - vi håpar at mange vil finne noko som dei har lyst å delta på - og kanskje skape minner og opplevingar for livet!
-
Varslingsprøve 10. juni kl. 12.00
Onsdag 10. juni kl 12.00 blir Nødvarsel på mobil og tyfonane (Sivilforsvaret sitt varslingsanlegg) testa over heile Noreg i ei felles nasjonal varslingsprøve.
-
Siste møteplass før sommaren
Familienes møteplass – siste samling før sommarferien
-
Gratulere med dagen!
I dag, 8. mai, markerer vi ein av dei viktigaste dagane i norsk historie.