-
Bli med som bøssebærar for TV-aksjonen!
Søndag 18. oktober går årets TV-aksjon av stabelen, der inntektene går til NRC Flyktninghjelpen under temaet «Saman for menneske på flukt»
Invitasjon til folkemøter- Stryn kommune lagar plan for helse
I samfunnsplanen for Stryn kommune som gjeld fram til 2035 er eit av måla: Ein god stad å bu for alle heile livetVi arbeider med ein temaplan for helse og sosial. Denne planen tek for seg korleis kommunen skal organisere helse og omsorgstilbodet no og i framtida.
Helse og sosialetaten har ei stor utfordring framover med at det blir fleire som treng tenester og vi må løyse desse oppgåvene på ein annan måte.
Førerebygging og tidleg innsats er stikkord, men korleis får vi dette til ?
Kommunen kan ikkje løyse alle oppgåver åleine, her må vi samarbeide, vi treng deg, frivillegheita, næringslivet, lag og organisasjonar, bygdelag og gode nabolag.
Vi treng at du møter opp for å gje oss innspel til korleis vi skal få dette til.
Tid for folkemøter og ein god diskusjon:
Onsdag 10. desember: Olden skule, gymsalen kl 18:00 - 19:30
Onsdag 17. desember Stryn kulturhus kl 18:00 - 19:30
Torsdag 18. desember Vikane skule, gymsalen kl 18:00-19:30
Del på:
-
Kva meiner du om reiselivet i Stryn?
Reiselivet skaper aktivitet, arbeidsplassar og gode opplevingar, men kan òg føre til utfordringar for naturen og lokalsamfunna våre.
-
Skarsteinsetra opp, 12. september!
Om du springe, syklar, går eller trillar er du velkommen til å delta på årets begivenhet Skarsteinsetra opp i Olden, arrangert av Olden Idrettslag.
-
Når Nils Vik legg ut på si siste reise
Teater Vestland tek Frode Grytten sin prisvinnande roman «Den dagen Nils Vik døde» til scena. Det blir ei forteljing om eit heilt liv, om kjærleik, menneskemøte og den siste reisa ut fjorden. Sjå framsyninga i Oppstryn 09.september eller i Aldaheim i Olden 10.september
-
Friluftslivets veke
Finn din tur, og bli med å feire norsk natur