-
Bli med som bøssebærar for TV-aksjonen!
Søndag 18. oktober går årets TV-aksjon av stabelen, der inntektene går til NRC Flyktninghjelpen under temaet «Saman for menneske på flukt»
Julevarme i Stryn 2025
Gjer deg klar for ein magisk kveld med «Julevarme i Stryn»! Den 11. desember fra kl. 18:00 til 19:30 kan du oppleve artisten Line Dybedal, som saman med fleire musikalske ungdomstalent frå vår eiga bygd skal fylle rommet med varme og vakre tonar og ei deilig førjulsstemning.i ønskjer spesielt ungdomar velkomne denne kvelden. Du som ungdom kan difor førehandsbestille fram til 1.desember. Etter dette vil evt restbillettar vere tilgjengelig for alle. Konserten er GRATIS, men du må bestille billett.
Vi ønskjer også alle ungdomar velkomne til å bli med vidare på adventskos i Foajeen i Stryn Kulturhus etter konserten (Frå kl.20-22). Her blir det julegraut, gløgg og pepperkaker, loddtrekning av flotte gevinstar og god førjulsstemning. Alt er gratis. Her er inga påmelding - berre å møte opp!
OBS: Gratis buss til/frå konserten
-Frå Olden Ungdomsskule kl.17.00
-Frå Strynehallen kl.17.20
-Retur til Stryn Kulturhus etter konserten
(Påmelding til bussen blir tatt på dei enkelte skulane/klassane i forkant av arrangementet).
Dette er ein kveld fylt med varme, harmoni og glitrande musikalske augeblikk som vil lyse opp i vintermørket. Sikre deg billett no!
Del på:
-
Kva meiner du om reiselivet i Stryn?
Reiselivet skaper aktivitet, arbeidsplassar og gode opplevingar, men kan òg føre til utfordringar for naturen og lokalsamfunna våre.
-
Skarsteinsetra opp, 12. september!
Om du springe, syklar, går eller trillar er du velkommen til å delta på årets begivenhet Skarsteinsetra opp i Olden, arrangert av Olden Idrettslag.
-
Når Nils Vik legg ut på si siste reise
Teater Vestland tek Frode Grytten sin prisvinnande roman «Den dagen Nils Vik døde» til scena. Det blir ei forteljing om eit heilt liv, om kjærleik, menneskemøte og den siste reisa ut fjorden. Sjå framsyninga i Oppstryn 09.september eller i Aldaheim i Olden 10.september
-
Friluftslivets veke
Finn din tur, og bli med å feire norsk natur