-
Idag er det ikkje lenger lov til å brenne bål- kan du reglane for bål og ferdsel i naturen?
I Noreg er det eit generelt bålforbud fra 15. april til 15. september kvart år
2. desember er slettedagen- Oppmodar til digital dugnad
2. desember vert nordmenn blir oppmoda til å rydde opp i sitt digitale liv. Målet er både å skape betre oversikt i eigne digitale arkiv og å redusere det klimaavtrykket som ubrukte filer, appar og datatrafikk fører med seg.Bedrifter og organisasjoner går saman om eiin nasjonal digital ryddedugnad. Målet er å auke bevisstheita om miljøkonsekvensane av databruk og lagring.
Over to milliarder mennesker er dagleg aktive på internett. Likevel tenker få over kor mange bileter, dokumenter og filer som ligger lagra – og enda færre er klar over energiforbruket dette krever.
Dette ønsker initiativet Slettedagen å endre på. Datalagringssentre over hele verden oppbevarer dokumenter, bilder og filer, og bruker enorme mengder strøm.
Slettedagen er satt til tirsdag 2. desember, rett etter en periode med intensiv digital markedsføring i forbindelse med Black Friday og Cyber Monday.
– Lite synleg, men ikkje gratis
Aktørar bak kampanjen peiker på at mange gløymer at digital lagring har ein fysisk kostnad. Serverparkar, datasenter og skyløysingar brukar store mengder energi. Når milliardar av unødvendige filer ligg og støvar ned på serverar, aukar det det totale energiforbruket i den digitale infrastrukturen.
– Slettedagen handlar ikkje om å skape dårleg samvit, men om å minne folk på at internett ikkje er gratis – verken teknologisk eller miljømessig.
Oppmodar til rydding
På Slettedagen blir folk oppmoda til å gå gjennom telefonar, datamaskiner og skylagring og slette det som ikkje lenger er i bruk.
Det handlar både om miljø, personvern og oversikt:
Gamle appar som ikkje lenger er i bruk
Tusenvis av skjermbilete eller nesten-identiske mobilfoto
Dokument som ikkje trengst
E-postar, nyheitsbrev og gamle vedlegg
Overflødige filer i skya
For mange kan dagen òg vere ein inngang til betre digitale vanar.
– Ein liten innsats med stor effekt
Del på:
-
Folkehelseundersøkinga 2026
I april 2026 får eit utval av innbyggjarar i Vestland over 18 år invitasjon til å delta i folkehelseundersøkinga. Undersøkinga er nettbasert, og dei som er plukka ut, får invitasjon på SMS eller e-post.
-
Vårryddeaksjon
Stryn kommune og Fjordane Friluftsråd inviterer til årets vårryddeaksjon. Vi håpar lag, organisasjonar og enkeltpersonar ynskjer å gjere ein innsats for å halde nærområda fri for avfall. Les meir på Stryn kommune sine heimesider.
-
Rock your socks- rokkesokk!
Kvart år den 21. mars markerer verda World Down Syndrome Day. I Noreg har markeringa fått namnet Rockesokk, og oppmodinga er enkel: Ta på deg to ulike sokkar denne dagen.
-
Å stille klokka – kvifor gjer vi det eigentleg?
To gonger i året må mange av oss hugse det same: Klokka skal stillast. Om våren stiller vi klokka fram ein time, og om hausten stiller vi ho tilbake igjen. For mange betyr det ei litt trøytt morgon i mars – og ei ekstra time søvn ein gong i oktober. Men kvifor gjer vi dette, og kva betyr det i praksis?