-
Bli med som bøssebærar for TV-aksjonen!
Søndag 18. oktober går årets TV-aksjon av stabelen, der inntektene går til NRC Flyktninghjelpen under temaet «Saman for menneske på flukt»
Røykvarslar-dagen: Ein enkel sjekk som kan redde liv
Kvart år den 1. desember markerer vi Røykvarslar-dagen i Noreg. Dette er ein nasjonal påminning om kor viktig det er å ha fungerande røykvarslarar – og om at dei må testast jamleg. Brann i bustad tek liv kvart år, og ofte er manglande eller feil røykvarslar ei avgjerande årsak til at folk ikkje kjem seg ut i tide.Dette bør du gjere på Røykvarslar-dagen
1. Test alle røykvarslarane i heimen
Trykk på testknappen. Pipar det høgt og tydeleg? Då fungerer alarmen slik den skal- har du kopla røykvarslaren til ein app? Sjekk at alt fungerar her også. Det kan også være en fordel å forsiktig støvsuge røykvarsleren jevnlig
2. Bytt batteri – same om det trengst eller ikkje
Ein enkel regel: nytt år, nytt batteri. Då slepp du å lure på kor lenge det er sidan sist.
3. Sjekk alder på røykvarslaren- dei går ut på dato!
Røykvarslarar varer vanlegvis i 8–10 år. Er dei eldre enn dette bør dei bytast ut. På baksida finn du produksjonsdato.
4. Sørg for god plassering
Røykvarslarar bør plasserast i alle opphaldsrom og i gangen utanfor soveromma. Store bustadar treng fleire einingar.
5. Kople saman røykvarslarane
Er dei seriekopla, vil alle varsle samtidig dersom ein oppdagar røyk. Dette gir betre tryggleik – spesielt om brannen startar langt frå der du søv.
Eit felles ansvar
Røykvarslar-dagen er også ein god anledning til å minne familie, vener og naboar om å sjekke varslingsutstyret sitt. For eldre eller personar med funksjonsnedsetjingar kan det vere ekstra viktig med litt hjelp til å få dette gjort.
Kommunar, skular og frivillige organisasjonar bruker ofte dagen til å skape merksemd om brannførebygging gjennom kampanjar og aktivitetsdagar. Å bruke nokre minutt på å teste røykvarslaren er ei enkel handling – men den kan redde liv.
Oppsummering
Test røykvarslarane
Bytt batteri
Sjekk alder
Sikre god plassering
Seriekople om mogleg
1. desember er dagen – men gode rutinar året gjennom er det som skapar reell tryggleik.
Del på:
-
Kva meiner du om reiselivet i Stryn?
Reiselivet skaper aktivitet, arbeidsplassar og gode opplevingar, men kan òg føre til utfordringar for naturen og lokalsamfunna våre.
-
Skarsteinsetra opp, 12. september!
Om du springe, syklar, går eller trillar er du velkommen til å delta på årets begivenhet Skarsteinsetra opp i Olden, arrangert av Olden Idrettslag.
-
Når Nils Vik legg ut på si siste reise
Teater Vestland tek Frode Grytten sin prisvinnande roman «Den dagen Nils Vik døde» til scena. Det blir ei forteljing om eit heilt liv, om kjærleik, menneskemøte og den siste reisa ut fjorden. Sjå framsyninga i Oppstryn 09.september eller i Aldaheim i Olden 10.september
-
Friluftslivets veke
Finn din tur, og bli med å feire norsk natur