-
Bli med som bøssebærar for TV-aksjonen!
Søndag 18. oktober går årets TV-aksjon av stabelen, der inntektene går til NRC Flyktninghjelpen under temaet «Saman for menneske på flukt»
Nasjonal folkehelseundersøking 2025
Den 16.10 oktober kan det vere DU som får ein sms om å svare på den nasjonale folkehelseundersøkinga!Den nasjonale folkehelseundersøkinga
Den 16. oktober inviterer Folkehelseinstituttet (FHI) 100 000 utvalde personar over 18 år i heile Noreg til å delta i Den nasjonale folkehelseundersøkinga. Invitasjonen vert sendt ut på SMS. Dei utvalde personane er tilfeldig trekte frå Folkeregisteret, og representerer ulike aldersgrupper og geografiske område.
Undersøkinga består av eit digitalt spørjeskjema som tek om lag 20 minutt å svare på. Skjemaet er tilgjengeleg på fleire språk. Målet er å få betre kunnskap om helsa og levevanane i befolkninga – noko som er viktig for å utvikle folkehelsearbeidet og helsetenestene i landet.
Les meir på nettsida til Den nasjonale folkehelseundersøkinga.
Informasjonsmateriell
I samband med undersøkinga har vi utarbeidd informasjonsmateriell som kan takast i bruk. Dette omfattar digitale plakatar til infoskjermer, plakat i PDF-format som kan skrivast ut og hengjast opp, samt nokre informasjonsfilmar.
Informasjonsmateriellet til Den nasjonale folkehelseundersøkinga kan brukast i perioden 15. oktober – 9. november.
Alt materiell er tilgjengeleg på:
👉 https://www.fhi.no/hs/nhus/informasjonsmateriell-den-nasjonale-folkehelseundersokelsen/
Del på:
-
Kva meiner du om reiselivet i Stryn?
Reiselivet skaper aktivitet, arbeidsplassar og gode opplevingar, men kan òg føre til utfordringar for naturen og lokalsamfunna våre.
-
Skarsteinsetra opp, 12. september!
Om du springe, syklar, går eller trillar er du velkommen til å delta på årets begivenhet Skarsteinsetra opp i Olden, arrangert av Olden Idrettslag.
-
Når Nils Vik legg ut på si siste reise
Teater Vestland tek Frode Grytten sin prisvinnande roman «Den dagen Nils Vik døde» til scena. Det blir ei forteljing om eit heilt liv, om kjærleik, menneskemøte og den siste reisa ut fjorden. Sjå framsyninga i Oppstryn 09.september eller i Aldaheim i Olden 10.september
-
Friluftslivets veke
Finn din tur, og bli med å feire norsk natur