-
Bli med som bøssebærar for TV-aksjonen!
Søndag 18. oktober går årets TV-aksjon av stabelen, der inntektene går til NRC Flyktninghjelpen under temaet «Saman for menneske på flukt»
Rosa sløyfe-aksjonen – saman mot brystkreft
Rosa sløyfe er en internasjonal folkebevegelse som markerast over heile verda i oktober kvart år, og i Norge er det Brystkreftforeininga og Kreftforeininga som står bak aksjonen.Kunnskap og håp
Kvart år løftar aksjonen fram eit spesielt tema. Det kan handle om tidleg oppdaging, genetikk, behandling eller oppfølging etter sjukdom, i år set vi fokus på at unike kvinner treng unik oppfølging. Målet er å spreie kunnskap, redusere tabu og gi håp til alle som på ein eller annan måte er ramma.
Slik kan du bidra
Kjøpe og bere den rosa sløyfa
Delta på lokale arrangement, som rosa-løp, konsertar eller temakveldar
Gje ei gåve til forsking
Dele informasjon og vere med på å bryte stillheit rundt brystkreft
Ein aksjon som rører oss alle
Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant kvinner i Noreg. Samstundes overlever fleire enn nokon gong takka vere forsking, tidleg diagnostisering og betre behandling. Rosa sløyfe-aksjonen minner oss om at kampane blir vunne saman – og at håpet alltid er rosa
Inntektene frå aksjonen går til forsking på brystkreft slik at fleire kan overleve, og at fleire får best mogleg livskvalitet etter brystkreftbehandling.
Tidlegare var brystkreft ofte knytt til tabu og frykt, og vi er stolte over at Rosa sløyfe har bidrege til meir openheit og kunnskap om brystkreft – i tillegg til å ha vore med på den utrolige utviklinga som har skjedd innan forsking på brystkreft.
Forskarane gjer heile tida små og store oppdagingar som vil kome brystkreftpasientar – og andre kreftpasientar – til gode. Det er desse forskarane og arbeidet deira vi ønskjer å støtte gjennom Rosa sløyfe-aksjonen.
Du kan lese meir om kva pengane har gått til, og om dei ulike prosjekta som har fått tildelt midlar frå aksjonen.
Del på:
-
Kva meiner du om reiselivet i Stryn?
Reiselivet skaper aktivitet, arbeidsplassar og gode opplevingar, men kan òg føre til utfordringar for naturen og lokalsamfunna våre.
-
Skarsteinsetra opp, 12. september!
Om du springe, syklar, går eller trillar er du velkommen til å delta på årets begivenhet Skarsteinsetra opp i Olden, arrangert av Olden Idrettslag.
-
Når Nils Vik legg ut på si siste reise
Teater Vestland tek Frode Grytten sin prisvinnande roman «Den dagen Nils Vik døde» til scena. Det blir ei forteljing om eit heilt liv, om kjærleik, menneskemøte og den siste reisa ut fjorden. Sjå framsyninga i Oppstryn 09.september eller i Aldaheim i Olden 10.september
-
Friluftslivets veke
Finn din tur, og bli med å feire norsk natur