-
Bli med som bøssebærar for TV-aksjonen!
Søndag 18. oktober går årets TV-aksjon av stabelen, der inntektene går til NRC Flyktninghjelpen under temaet «Saman for menneske på flukt»
Open brannstasjon i Stryn
Laurdag 27. september inviterer Stryn brannstasjon til open dag frå kl. 11.00 til 14.00. Då opnar dei portane og ønskjer både små og store velkomne inn! Brannstasjonen ligg i Perhusvegen 33– Open brannstasjon er ein tradisjon vi er stolte av. Her får dei yngste lære om branntryggleik på ein morosam og lærerik måte. Vi gler oss til å møte små og store besøkande denne dagen, seier brannsjef John Jatgeir Vinsrygg. – Det blir demonstrasjon av sløkkjeutstyr, og barna får høve til å sitje i ein ekte brannbil.
Kvifor markerer vi Brannvernveka?
Brannvernveka er eit landsdekkjande tiltak som blir arrangert kvar haust. Målet er å setje søkjelys på brannførebygging og tryggleik i heimane. Veka markerer òg starten på den nasjonale kampanjen «Nasjonal brannøving».
Når haustmørkret senkar seg, brukar vi meir straum, tenner fleire lys og oppheld oss meir innandørs, dette aukar risikoen for brann. Dei fleste alvorlege brannar skjer i private heimar, der det ikkje er krav om brannøvingar.
For å gjere det enklare å førebu seg, har Brannvernforeningen utvikla eit gratis verktøy på www.brannovelse.no
der kan du lage ei brannøving tilpassa bustaden og livssituasjonen din.
(artikkelen er henta frå Stryn kommune sine sider)
Del på:
-
Kva meiner du om reiselivet i Stryn?
Reiselivet skaper aktivitet, arbeidsplassar og gode opplevingar, men kan òg føre til utfordringar for naturen og lokalsamfunna våre.
-
Skarsteinsetra opp, 12. september!
Om du springe, syklar, går eller trillar er du velkommen til å delta på årets begivenhet Skarsteinsetra opp i Olden, arrangert av Olden Idrettslag.
-
Når Nils Vik legg ut på si siste reise
Teater Vestland tek Frode Grytten sin prisvinnande roman «Den dagen Nils Vik døde» til scena. Det blir ei forteljing om eit heilt liv, om kjærleik, menneskemøte og den siste reisa ut fjorden. Sjå framsyninga i Oppstryn 09.september eller i Aldaheim i Olden 10.september
-
Friluftslivets veke
Finn din tur, og bli med å feire norsk natur