-
Bli med som bøssebærar for TV-aksjonen!
Søndag 18. oktober går årets TV-aksjon av stabelen, der inntektene går til NRC Flyktninghjelpen under temaet «Saman for menneske på flukt»
Bålforbodet er oppheva – hugs å vere varsam
Frå 15. september er det ikkje lenger generelt bålforbod i utmark. Det betyr at det igjen er lov å tenne opp bål og grill i skog og mark, men ein må hugse å bruke sunn fornuft.Branntryggleik først
Det er framleis ulovleg å tenne opp der det er fare for brann. Du har alltid ansvar for at elden ikkje kjem ut av kontroll. Det viktigaste er å ha vatn eller anna sløkkjemiddel i nærleiken, og å passe bålet heile tida. Når du er ferdig, må du vere heilt sikker på at glørne er sløkte før du forlèt staden.
Gode bålvettreglar
Ikkje tenn bål i sterk vind eller på svært tørt underlag.
Hald god avstand til tre, torv og bygningar.
Bruk etablerte bålplassar der det er mogleg.
Sløkk alltid bålet heilt – vatn er best.
Hausten er ei flott tid for turar i skog og fjell, og med eit varmt bål kan opplevinga bli endå betre.
Del på:
-
Kva meiner du om reiselivet i Stryn?
Reiselivet skaper aktivitet, arbeidsplassar og gode opplevingar, men kan òg føre til utfordringar for naturen og lokalsamfunna våre.
-
Skarsteinsetra opp, 12. september!
Om du springe, syklar, går eller trillar er du velkommen til å delta på årets begivenhet Skarsteinsetra opp i Olden, arrangert av Olden Idrettslag.
-
Når Nils Vik legg ut på si siste reise
Teater Vestland tek Frode Grytten sin prisvinnande roman «Den dagen Nils Vik døde» til scena. Det blir ei forteljing om eit heilt liv, om kjærleik, menneskemøte og den siste reisa ut fjorden. Sjå framsyninga i Oppstryn 09.september eller i Aldaheim i Olden 10.september
-
Friluftslivets veke
Finn din tur, og bli med å feire norsk natur