-
Bli med som bøssebærar for TV-aksjonen!
Søndag 18. oktober går årets TV-aksjon av stabelen, der inntektene går til NRC Flyktninghjelpen under temaet «Saman for menneske på flukt»
Bruk refleks – det kan redde liv
Haustmørket har for lengst senka seg, og med stadig kortare dagar blir fotgjengarar og syklistar nesten usynlege i trafikken.Utan refleks er du nesten usynleg for bilistane før dei er heilt tett på deg. Med refleks blir du synleg på opptil 140 meters avstand. Det gjev bilføraren mykje betre tid til å reagere.
Billeg livsforsikring
Ein refleks kostar ofte under 20 kroner og kan festast på jakker, sekkar eller sko. Likevel er det mange som let vere.
Refleksen er kanskje den billegaste livsforsikringa du kan ha. Det tek deg to sekund å feste han.
Tips til bruk av refleks
Fest refleksen lågt på kroppen, gjerne i knehøgd – då fangar han best opp billysa.
Bruk fleire refleksar, både framme og bak, for å vere synleg frå alle vinklar.
Hugs at refleksvestar er ekstra effektive når du er ute og går i mørkret.
Med mørke vintermånader framfor oss er bodskapen klar: Refleks er ei lita ting som gjer ein stor skilnad.
Del på:
-
Kva meiner du om reiselivet i Stryn?
Reiselivet skaper aktivitet, arbeidsplassar og gode opplevingar, men kan òg føre til utfordringar for naturen og lokalsamfunna våre.
-
Skarsteinsetra opp, 12. september!
Om du springe, syklar, går eller trillar er du velkommen til å delta på årets begivenhet Skarsteinsetra opp i Olden, arrangert av Olden Idrettslag.
-
Når Nils Vik legg ut på si siste reise
Teater Vestland tek Frode Grytten sin prisvinnande roman «Den dagen Nils Vik døde» til scena. Det blir ei forteljing om eit heilt liv, om kjærleik, menneskemøte og den siste reisa ut fjorden. Sjå framsyninga i Oppstryn 09.september eller i Aldaheim i Olden 10.september
-
Friluftslivets veke
Finn din tur, og bli med å feire norsk natur