-
Bli med som bøssebærar for TV-aksjonen!
Søndag 18. oktober går årets TV-aksjon av stabelen, der inntektene går til NRC Flyktninghjelpen under temaet «Saman for menneske på flukt»
TV-aksjonen 2025: «Saman opnar vi dører»
Søndag 19. oktober går TV-aksjonen 2025 av stabelen, under slagordet «Saman opnar vi dører». I år går innsamlinga til Atlas-alliansen, som skal bruke pengane til å hjelpe menneske med funksjonsnedsetjingar som lever under ekstra sårbare forhold — særleg i krigs- og konfliktområde, og i fattige land.Kva skal pengane gå til?
Atlas-alliansen har klare mål for korleis midlane skal nyttast:
Sikre skulegang for barn med funksjonsnedsetjingar.
Gje tilgang til helsetenester, rehabilitering og hjelpemiddel som rullestolar, krykker og punktskriftbøker.
Sørgje for naudhjelp til funksjonshemma i område råka av krig og konflikt.
Tilby støtte til psykisk helse for dei som har opplevd traume.
Arbeide for inkludering og mot stigma og utanforskap i lokalsamfunn.
Målet er å nå om lag 200 000 menneske med funksjonsnedsetjingar i land som Ukraina, Palestina, Etiopia, Nepal, Tanzania, Uganda og Zambia.
Kvifor er dette viktig no?
Det er fleire grunnar til at årets aksjon treff ekstra sterkt:
Konfliktar og kriser forverrar situasjonen
I krigsramma område blir funksjonshemma ofte ekstra utsette — anten fordi dei blir skadde, mister tilgang til hjelp, eller blir ekskluderte frå gjenoppbygging.Manglande lik tilgang til tenester
Mange får ikkje skule, arbeid eller helsehjelp, sjølv i fredstid. I fattige land er utfordringane endå større.Internasjonalt samarbeid gjer forskjell
Gjennom TV-aksjonen får Atlas-alliansen moglegheit til å styrke menneskerettar, inkludering og likestilling i samarbeid med lokale krefter.
Slik kan du bidra
Bli bøsseberar søndag 19. oktober. Kommunar, lag og organisasjonar treng frivillige som kan gå frå dør til dør. Meld deg som bøsseberar på blimed.no
Gje ei gåve via Vipps (#2133) eller direkte på nettsida til TV-aksjonen.
Del bodskapen i sosiale medium, snakk med vener og familie, og delta på lokale arrangement.
Del på:
-
Kva meiner du om reiselivet i Stryn?
Reiselivet skaper aktivitet, arbeidsplassar og gode opplevingar, men kan òg føre til utfordringar for naturen og lokalsamfunna våre.
-
Skarsteinsetra opp, 12. september!
Om du springe, syklar, går eller trillar er du velkommen til å delta på årets begivenhet Skarsteinsetra opp i Olden, arrangert av Olden Idrettslag.
-
Når Nils Vik legg ut på si siste reise
Teater Vestland tek Frode Grytten sin prisvinnande roman «Den dagen Nils Vik døde» til scena. Det blir ei forteljing om eit heilt liv, om kjærleik, menneskemøte og den siste reisa ut fjorden. Sjå framsyninga i Oppstryn 09.september eller i Aldaheim i Olden 10.september
-
Friluftslivets veke
Finn din tur, og bli med å feire norsk natur