-
Bli med som bøssebærar for TV-aksjonen!
Søndag 18. oktober går årets TV-aksjon av stabelen, der inntektene går til NRC Flyktninghjelpen under temaet «Saman for menneske på flukt»
Stortingsval 2025
Hugs å bruke røysteretten din!Når du førehandsstemmer kan du stemme i alle kommunar i heile landet, uavhengig av kvar du bur til vanleg. På valdagen må du stemme i kommunen du er folkeregistrert.
Førehandsstemming Stryn kommune:
Stryn kulturhus:
August:
Måndag 25. august - fredag 29. august 11:00 - 18:00
Laurdag 30. august 12:00 – 16:00
September:
Måndag 1. september - fredag 5. september 11:00 – 18:00
Kommunesenteret, 3. etg Tonningsgata 4:
August:
Måndag 25. august - fredag 29. august 09:00 – 15:00
September:
Måndag 1. september - fredag 5. september 09:00 – 15:00
(Kommunesenteret er også stemmestad for Sametingsvalet)
Vikane omsorgssenter:
Måndag 1. september
kl. 13:00 – 16:00
OPE FOR ALLE!
VALDAGEN
8. september 2025 er det stortingsval. Her finn du oversikten over når, korleis og kvar du kan stemme.
Stad og tid du kan stemme måndag 8. september:
Stryn kulturhus 10:00 – 21:00
Olden skule 12:00 – 20:00
Vikane skule 12:00 – 20:00
Nordsida skule 13:00 – 19:00
Kven kan stemme?
Du som har fylt 18 år innan utgangen av valåret, og er norsk statsborgar, kan stemme ved stortingsval. Det er ein føresetnad at du står oppført i manntalet (liste over alle med stemmerett).
Korleis stemmer du?
- ta med legitimasjon med bilde
- gå til ein stemmeavlukke der alle vallistene ligg
- vel lista du ønskjer å stemme på
- brett lista med stempelsida ut slik at ingen ser kva liste du har valt
- vis legitimasjon til ein valfunksjonær
- få lista stempla av ein valfunksjonær før du legg den i forsegla valurne
MERK: Nytt ved årets stortingsval er at du ikkje kan gjere endringar på lista
Del på:
-
Kva meiner du om reiselivet i Stryn?
Reiselivet skaper aktivitet, arbeidsplassar og gode opplevingar, men kan òg føre til utfordringar for naturen og lokalsamfunna våre.
-
Skarsteinsetra opp, 12. september!
Om du springe, syklar, går eller trillar er du velkommen til å delta på årets begivenhet Skarsteinsetra opp i Olden, arrangert av Olden Idrettslag.
-
Når Nils Vik legg ut på si siste reise
Teater Vestland tek Frode Grytten sin prisvinnande roman «Den dagen Nils Vik døde» til scena. Det blir ei forteljing om eit heilt liv, om kjærleik, menneskemøte og den siste reisa ut fjorden. Sjå framsyninga i Oppstryn 09.september eller i Aldaheim i Olden 10.september
-
Friluftslivets veke
Finn din tur, og bli med å feire norsk natur