-
Bli med som bøssebærar for TV-aksjonen!
Søndag 18. oktober går årets TV-aksjon av stabelen, der inntektene går til NRC Flyktninghjelpen under temaet «Saman for menneske på flukt»
Hugs bandtvangen – omsyn til både folk og dyr
I Stryn kommune er det bandtvang for hundar fram til 15. oktober. Dette betyr at alle hundar skal haldast i band eller vere forsvarleg sikra slik at dei ikkje kan jage eller skade andre dyr, fuglar eller menneske.Kvifor har vi bandtvang?
Vern av husdyr og vilt: Haustmånadene er ein viktig periode for både beitedyr og vilt. Saue, kyr og geit går framleis ute, og fugl og småvilt skal få ro til å bygge opp energireservar før vinteren.
Tryggleik for folk: Nokon kan vere redde for hundar, og laushundar kan skape utryggleik – særleg for barn.
Ansvarleg hundehald: Bandtvang bidreg til at hunden din ikkje kjem bort, blir skada eller forårsakar uhell.
Unntak frå bandtvang
Bandtvangen gjeld for alle hundar, men enkelte unntak kan gjelde for godkjent ettersøkshund i teneste, politi- og redningshundar og jakthundar under lovleg jakt eller trening. Desse unntaka er regulerte av lovverket.
Hald hunden i band – heile året der det trengst
Sjølv om den generelle bandtvangen i Stryn varer fram til 15. oktober, har du alltid som hundeeigar ansvar for at hunden din ikkje jager eller skadar andre dyr – året rundt.
La oss saman ta vare på både hundane våre og naturen rundt oss. Hald bandtvangen – det er til beste for alle.
Del på:
-
Kva meiner du om reiselivet i Stryn?
Reiselivet skaper aktivitet, arbeidsplassar og gode opplevingar, men kan òg føre til utfordringar for naturen og lokalsamfunna våre.
-
Skarsteinsetra opp, 12. september!
Om du springe, syklar, går eller trillar er du velkommen til å delta på årets begivenhet Skarsteinsetra opp i Olden, arrangert av Olden Idrettslag.
-
Når Nils Vik legg ut på si siste reise
Teater Vestland tek Frode Grytten sin prisvinnande roman «Den dagen Nils Vik døde» til scena. Det blir ei forteljing om eit heilt liv, om kjærleik, menneskemøte og den siste reisa ut fjorden. Sjå framsyninga i Oppstryn 09.september eller i Aldaheim i Olden 10.september
-
Friluftslivets veke
Finn din tur, og bli med å feire norsk natur