-
Bli med som bøssebærar for TV-aksjonen!
Søndag 18. oktober går årets TV-aksjon av stabelen, der inntektene går til NRC Flyktninghjelpen under temaet «Saman for menneske på flukt»
Trygg skuleveg – alle har eit ansvar!
No er skulestarten straks i gong, og frå måndag- både morgon og ettermiddag, er hundrevis av born på veg til og frå skulen i Stryn kommune. Mange går eller syklar, nokre tek buss, andre blir køyrde. Uansett transportform er det eitt mål som gjeld for oss alle: Skulevegen skal vere trygg.Vis omsyn i trafikken
Hald alltid fartsgrensa – særleg i område med barneskule og barnehage.
Ver ekstra merksam rundt gangfelt, parkeringsplassar, busslommer og kryss.
Stopp for fotgjengarar som ventar ved gangfelt – det kan vere born som nøler litt før dei går.
Bruk hjelm og refleks
Alle som syklar bør bruke sykkelhjelm. Det kan redde liv.
Refleksvest og refleksar gjer det mykje lettare for bilistar å sjå born, spesielt på mørke morgonar og ettermiddagar.
Ta ansvar på heimebane
Klipp hekkar og buskar langs eigedomen som kan hindre sikta for bilistar og gåande.
Sørg for at inn- og utkøyringar til eigedomen har fri sikt.
Vi deler vegen
Born kan vere uforutsigbare i trafikken – dei kan springe ut, sykle på tvers eller stoppe brått. Difor må vi som vaksne alltid vere eit steg føre.
La oss saman sørgje for at alle barn i Stryn kjem trygt fram og trygt heim frå skulen kvar dag.
Del på:
-
Kva meiner du om reiselivet i Stryn?
Reiselivet skaper aktivitet, arbeidsplassar og gode opplevingar, men kan òg føre til utfordringar for naturen og lokalsamfunna våre.
-
Skarsteinsetra opp, 12. september!
Om du springe, syklar, går eller trillar er du velkommen til å delta på årets begivenhet Skarsteinsetra opp i Olden, arrangert av Olden Idrettslag.
-
Når Nils Vik legg ut på si siste reise
Teater Vestland tek Frode Grytten sin prisvinnande roman «Den dagen Nils Vik døde» til scena. Det blir ei forteljing om eit heilt liv, om kjærleik, menneskemøte og den siste reisa ut fjorden. Sjå framsyninga i Oppstryn 09.september eller i Aldaheim i Olden 10.september
-
Friluftslivets veke
Finn din tur, og bli med å feire norsk natur