-
Bli med som bøssebærar for TV-aksjonen!
Søndag 18. oktober går årets TV-aksjon av stabelen, der inntektene går til NRC Flyktninghjelpen under temaet «Saman for menneske på flukt»
Søk støtte til inkluderande møteplassar – tilskotsordning frå Stryn kommune
ålet er å tilby aktivitetar som fremjar helse og livskvalitet, og å styrkje samarbeidet mellom frivillige organisasjonar og kommunale tenester.Formålet med ordninga
Hovudmålet er å motverke einsemd, passivitet og sosial tilbaketrekking blant vaksne. Gjennom denne tilskotsordninga støttar vi lågterskeltilbod som fremjar sosialt fellesskap og fysisk aktivitet.
Du kan søkje støtte til aktivitetar innan tre kategoriar, i tillegg til transportkostnader. Aktivitetane skal gjennomførast i løpet av 2025. Det er eit pluss om prosjektet har ein plan for vidareføring etter prosjektslutt. Kvar kategori krev eigen søknad.
Desse kategoriane kan du søkje støtte til:
1. Fleirkulturelle arrangement
Arrangement og aktivitetar med fokus på inkludering, til dømes:
- Matfestivalar
- Musikk- og danseframsyningar
- Språkkafé
- Faste møteplassar som fremjar forståing og respekt
💰 Søknadspott: kr 70 000
2. Formidling av kulturarv
Møteplassar der vaksne kan dele kunnskap og kulturarv med andre. Målet er å etablere varige møteplassar i bygdene.
💰 Søknadspott: kr 70 000
3. Fysisk aktivitet for eldre
Aktivitetar som skal styrkje fysisk og psykisk helse hos eldre vaksne. Det bør leggjast opp til 2–4 faste økter i månaden.
💰 Søknadspott: kr 70 000
Søknadsfrist: 10. juli 2025
Del på:
-
Kva meiner du om reiselivet i Stryn?
Reiselivet skaper aktivitet, arbeidsplassar og gode opplevingar, men kan òg føre til utfordringar for naturen og lokalsamfunna våre.
-
Skarsteinsetra opp, 12. september!
Om du springe, syklar, går eller trillar er du velkommen til å delta på årets begivenhet Skarsteinsetra opp i Olden, arrangert av Olden Idrettslag.
-
Når Nils Vik legg ut på si siste reise
Teater Vestland tek Frode Grytten sin prisvinnande roman «Den dagen Nils Vik døde» til scena. Det blir ei forteljing om eit heilt liv, om kjærleik, menneskemøte og den siste reisa ut fjorden. Sjå framsyninga i Oppstryn 09.september eller i Aldaheim i Olden 10.september
-
Friluftslivets veke
Finn din tur, og bli med å feire norsk natur