-
Bli med som bøssebærar for TV-aksjonen!
Søndag 18. oktober går årets TV-aksjon av stabelen, der inntektene går til NRC Flyktninghjelpen under temaet «Saman for menneske på flukt»
Kulturdag på Nordsida
Velkomen til ein heilt spesiell dag ved vakre Sagedammen, der den tradisjonelle kulturdagen vert feira med kunst, fellesskap og musikk for heile familien!Bli med inn i eit musikalsk landskap der drøymande melodiar og ektefølte tekstar smeltar saman. Med si varme og klåre stemme tek Line deg med på ei reise fylt av stemning, nærleik og musikalsk magi – der havet, fjella og livet på Vestlandet spelar hovudroller i songane.
Konserten er ein del av kulturdagen på Sagedammen, ein dag der lokalmiljøet samlast rundt kunst, mat, aktivitetar og gode opplevingar for store og små. Ta med deg familien, finn deg ein plass i graset og bli med på ein dag fylt av varme, glede og levande musikk i eit av dei vakraste konsertområda i regionen.
Programmet til kulturdagen vert oppdatert, HER kan du kjøpe billettar til konserten
Pris for konsert:
Vaksen: 325,-
Barn og ungdom under 20 år: gratis
Velkomen til ein magisk dag ved Sagedammen!
Del på:
-
Kva meiner du om reiselivet i Stryn?
Reiselivet skaper aktivitet, arbeidsplassar og gode opplevingar, men kan òg føre til utfordringar for naturen og lokalsamfunna våre.
-
Skarsteinsetra opp, 12. september!
Om du springe, syklar, går eller trillar er du velkommen til å delta på årets begivenhet Skarsteinsetra opp i Olden, arrangert av Olden Idrettslag.
-
Når Nils Vik legg ut på si siste reise
Teater Vestland tek Frode Grytten sin prisvinnande roman «Den dagen Nils Vik døde» til scena. Det blir ei forteljing om eit heilt liv, om kjærleik, menneskemøte og den siste reisa ut fjorden. Sjå framsyninga i Oppstryn 09.september eller i Aldaheim i Olden 10.september
-
Friluftslivets veke
Finn din tur, og bli med å feire norsk natur