-
Idag er det ikkje lenger lov til å brenne bål- kan du reglane for bål og ferdsel i naturen?
I Noreg er det eit generelt bålforbud fra 15. april til 15. september kvart år
Jonsokafta 24. juni
I 2025 er jonsok eller sankthansaftan på måndag 24.juniSankthans eller jonsok, 24. juni, er ein katolsk festdag til minne om fødselsdagen til døyparen Johannes. Ifølgje Det nye testamentet vart han fødd seks månader før Jesus. Det at denne viktige kyrkjelege festdagen fall saman med ei tid på året som hadde urgamle tradisjonar knytte til midtsommar og fruktbarheit, gjorde at sankthans fekk ein sentral plass i folketrua. Mange skikkar handla om å verne livet eller auke fruktbarheita. Den eldgamle tradisjonen med å tenne bål på sankthansaftan (23. juni) står framleis sterkt.
Sankthansnatta vart rekna for å ha magiske eigenskapar. Ein gammal tradisjon var den såkalla åkervekkjinga. Så seint som kring 1900 kunne ein gammal mann på Ørland i Trøndelag gå rundt i åkeren sin og setje ned kvistar medan han sa:
Vak opp, vak opp åker og eng. / Jomfru Maria reier ei seng. Sankthansnatta er ei natt. / Skynd deg unna snø og regn og unna den kalde haustnatta.
Mange stader vart jonsoknatta rekna som eit høgdepunkt for vond magi og som ei av hovudhøgtidene for heksene. Frå fleire land høyrer vi om hekser som rei på sopelimene sine til Blokksberg. Fleire kvinner frå Finnmark vart brende på bål fordi dei hadde feira heksesabbat på fjellet Domen kring sankthans.
Nokre stader var det òg tradisjon for å pynta i huset med lauv og markblomar for å verna og velsigna heimen. Ein trudde at alle slags vekstar hadde ei ekstra kraft ved sankthans. Om ein la seg til å sova med sju slag blomar under puta, kunne ein i draumen få sjå kven ein kom til å gifta seg med. Jonsokbryllup, der ein gut og ei jente giftar seg på liksom er kjent frå 1800 talet, og har vore ein skikk først og fremst på Vestlandet.
Nokre forbinder også jonsokfeiring med solsnu, eller sommersolverv, dette er årets lengste dag, som er den dagen sola står høgast på himmelen. Sommarsolverv er det tidspunktet på året då jordaksen heller sterkast mot sola. På den nordlege halvkula fell sommarsolverv mellom 20. og 22. juni, og på den sørlege halvkula mellom 20. og 22. desember. Det er vanleg å seie at «sola snur» ved sommarsolverv, og at dagen er årets lysaste. i Norge “snur sola” lørdag 21. juni 2025 klokka 04:42. Deretter blir dagene mørkere fram til vintersolverv.
Del på:
-
Folkehelseundersøkinga 2026
I april 2026 får eit utval av innbyggjarar i Vestland over 18 år invitasjon til å delta i folkehelseundersøkinga. Undersøkinga er nettbasert, og dei som er plukka ut, får invitasjon på SMS eller e-post.
-
Vårryddeaksjon
Stryn kommune og Fjordane Friluftsråd inviterer til årets vårryddeaksjon. Vi håpar lag, organisasjonar og enkeltpersonar ynskjer å gjere ein innsats for å halde nærområda fri for avfall. Les meir på Stryn kommune sine heimesider.
-
Rock your socks- rokkesokk!
Kvart år den 21. mars markerer verda World Down Syndrome Day. I Noreg har markeringa fått namnet Rockesokk, og oppmodinga er enkel: Ta på deg to ulike sokkar denne dagen.
-
Å stille klokka – kvifor gjer vi det eigentleg?
To gonger i året må mange av oss hugse det same: Klokka skal stillast. Om våren stiller vi klokka fram ein time, og om hausten stiller vi ho tilbake igjen. For mange betyr det ei litt trøytt morgon i mars – og ei ekstra time søvn ein gong i oktober. Men kvifor gjer vi dette, og kva betyr det i praksis?