-
Bli med som bøssebærar for TV-aksjonen!
Søndag 18. oktober går årets TV-aksjon av stabelen, der inntektene går til NRC Flyktninghjelpen under temaet «Saman for menneske på flukt»
Bli med på friluftsskule i sommar!
Fjordane Friluftsråd arrangerar Friluftsskulen som er eit aktivitetsopplegg for born og unge i alderen 9-13 år!Friluftsskulen er eit dagstilbod for born og unge i kommunen som vil foregå i ulike naturmiljø alt etter kva kommune den gjennomførast i. Vi har som mål å gje born og unge gode opplevingar i og med naturen, i tillegg til at det skal vere ein positiv introduksjon til friluftsliv med fokus på kjekke aktivitetar og leik. Gjennom ulike aktiviteter, ferdsel og opplevingar ynskjer vi å gje dei ei forståing av naturen sin eigenart og tålegrenser.
Det er fokus på rettar og pliktar i allemannsretten, orientering og bruk av kart og kompass på land og på sjøen, korleis ein finn og lagar leirplass. Til slutt er det ein tur eller ekspedisjon.
Undervisninga startar kl 9 og sluttar kl 15 den fyrste dagen. Dag 2 startar vi kl 9 og overnattar til dag 3. Dag 3 avsluttar vi kl 15. Det er frivillig om ein ynskjer å overnatte og foreldre er hjarteleg velkommen til å delta.
Friluftsskulen har plass til opp mot 20 deltakarar. Stort sett vil undervisninga føregå samla, men ved enkelte høve vil vi dele deltakarane i mindre grupper.
Den første Friluftsskulen er i Utvik frå 7.juli-9.juli (måndag-onsdag) meld deg på her!
Den andre friluftsskulen er på Nordsida frå 4.aug-6.aug (måndag- onsdag) meld deg på her!
BUA i Olden og Stryn lånar ut utstyr som kan vere nyttig til friluftsskulane, ta kontakt med Stryn frivillegsentral!
Del på:
-
Kva meiner du om reiselivet i Stryn?
Reiselivet skaper aktivitet, arbeidsplassar og gode opplevingar, men kan òg føre til utfordringar for naturen og lokalsamfunna våre.
-
Skarsteinsetra opp, 12. september!
Om du springe, syklar, går eller trillar er du velkommen til å delta på årets begivenhet Skarsteinsetra opp i Olden, arrangert av Olden Idrettslag.
-
Når Nils Vik legg ut på si siste reise
Teater Vestland tek Frode Grytten sin prisvinnande roman «Den dagen Nils Vik døde» til scena. Det blir ei forteljing om eit heilt liv, om kjærleik, menneskemøte og den siste reisa ut fjorden. Sjå framsyninga i Oppstryn 09.september eller i Aldaheim i Olden 10.september
-
Friluftslivets veke
Finn din tur, og bli med å feire norsk natur