-
Bli med som bøssebærar for TV-aksjonen!
Søndag 18. oktober går årets TV-aksjon av stabelen, der inntektene går til NRC Flyktninghjelpen under temaet «Saman for menneske på flukt»
Stryn kommune tilbyr samtalegruppe for nære pårørande til personar med demens
Er du barn, ektefelle eller annan nær pårørande til ein person med demens? No startar vi opp ei samtalegruppe der du kan få støtte, kunnskap og høve til å dele erfaringar med andre i same situasjon.📅 Oppstart: Tysdag 17. juni kl. 18.00
📍 Stad: Stryn omsorgssenter (Buketten)
⏱️ Varigheit: 1–1,5 time per gong
💰 Tilbodet er gratis
Om samtalegruppa:
Målet med gruppa er å gi støtte og informasjon til deg som er nær pårørande. Her får du høve til å setje ord på tankar, kjensler og opplevingar, og møte andre som forstår korleis du har det. Samtalegruppa kan vere ei hjelp til å meistre kvardagen og finne løysingar i eit krevjande familieliv.
Gruppa blir leia av fagpersonar frå hukommelsesteamet.
Påmelding og meir informasjon:
Ta kontakt på e-post anita.skarstein@stryn.kommune.no
Del på:
-
Kva meiner du om reiselivet i Stryn?
Reiselivet skaper aktivitet, arbeidsplassar og gode opplevingar, men kan òg føre til utfordringar for naturen og lokalsamfunna våre.
-
Skarsteinsetra opp, 12. september!
Om du springe, syklar, går eller trillar er du velkommen til å delta på årets begivenhet Skarsteinsetra opp i Olden, arrangert av Olden Idrettslag.
-
Når Nils Vik legg ut på si siste reise
Teater Vestland tek Frode Grytten sin prisvinnande roman «Den dagen Nils Vik døde» til scena. Det blir ei forteljing om eit heilt liv, om kjærleik, menneskemøte og den siste reisa ut fjorden. Sjå framsyninga i Oppstryn 09.september eller i Aldaheim i Olden 10.september
-
Friluftslivets veke
Finn din tur, og bli med å feire norsk natur