-
Bli med som bøssebærar for TV-aksjonen!
Søndag 18. oktober går årets TV-aksjon av stabelen, der inntektene går til NRC Flyktninghjelpen under temaet «Saman for menneske på flukt»
Kurs i bygging av Naturleikeplass
31. mai og 1.juni kjem Tor Egil Bagøien fra Friluftsakademiet til Stryn, og skal halde kurs i korleis lage naturleikeplassar og leikeapparat i natur.Kurset er unikt og konseptet er utvikla av Friluftsakademiet på -90 tallet. Kurset tek utgangspunkt i boka deira «Lag ein naturleikeplass». (meir info finn de på heimesida til Friluftsakademiet)
Gjennom kurset byggjer vi naturleikeapparat med rettleiing i forhold til tryggleik, knutar og materialar. På slutten av dagen har vi laga ein naturleikeplass med enkle middel.
Dette kurset passer blant anna for tilsette i barnehage, skule og SFO, speidarar, 4H.Det vil bli servert enkel lunsj begge dagane.
Ein kan vere med både en eller to dagar, meld på den dagen det passer best eller begge dagane.
Del på:
-
Kva meiner du om reiselivet i Stryn?
Reiselivet skaper aktivitet, arbeidsplassar og gode opplevingar, men kan òg føre til utfordringar for naturen og lokalsamfunna våre.
-
Skarsteinsetra opp, 12. september!
Om du springe, syklar, går eller trillar er du velkommen til å delta på årets begivenhet Skarsteinsetra opp i Olden, arrangert av Olden Idrettslag.
-
Når Nils Vik legg ut på si siste reise
Teater Vestland tek Frode Grytten sin prisvinnande roman «Den dagen Nils Vik døde» til scena. Det blir ei forteljing om eit heilt liv, om kjærleik, menneskemøte og den siste reisa ut fjorden. Sjå framsyninga i Oppstryn 09.september eller i Aldaheim i Olden 10.september
-
Friluftslivets veke
Finn din tur, og bli med å feire norsk natur