-
Fjordane friluftsråd inviterar til to friluftsskular i Stryn i sommar!
Friluftsskule – opplevingar, meistring og friluftsglede 30.06-01.07- Innvik/Utvik 04.08-06.08- Stryn/Blakset
Vil du vere med å gjøre ein skilnad i borns liv?
Stryn kommune søkjer pensjonistar til å delta i vårt pilotprosjekt "Eldre som ressurs". Pilotprosjektet har vore ein stor suksess, med aktivitetar som kort- og brettspel, baking, påskeverkstad og planting saman med borna ved Tonning barneskule SFO 1.–2. klasse.Prosjektet varer ut 2025 og har som mål å skape meiningsfulle relasjonar mellom eldre og unge, samt fremje aktivitet og samhandling i nærmiljøet. Vi ønskjer å utvide modellen til andre bygder for å skape liknande positive effektar i fleire lokalsamfunn og etablere faste møteplassar.
Kva inneber prosjektet?
• Skape møteplassar: Vi etablerer faste arenaer der eldre og born kan vere aktive saman.
• Fysisk og psykisk helse: Bidra til betre helse for både eldre og born gjennom felles aktivitetar.
• Kjensla av å vere nødvendig: Gje eldre ei kjensle av å vere ein viktig del av samfunnet.
• Førebyggje utanforskap: Skape inkludering og fellesskap på tvers av generasjonar og etnisitetar.
• Kulturarv: Formidle historie og kultur gjennom samhandling og aktivitetar.
Kvar og når?
Førebels er prosjektet på ulike arenaer i Stryn, onsdagar kl. 11–13. I dag har vi desse arenaene:
• Frivilligsentralen med Triangelen
• Stryn Turn og Idrettslag med Basishallen
Vi oppmodar alle bygdene til å skape sine eigne, lokale møteplassar. Ta kontakt dersom du ønskjer å starte opp ein liknande modell i di bygd og ditt lokalmiljø.
Korleis kan du bidra?
Vi søkjer pensjonistar som ønskjer å delta aktivt i prosjektet og bidra med si tid og erfaring. Du vil vere med på å skape ein positiv og inkluderande atmosfære for borna, samtidig som du får moglegheita til å vere sosial og aktiv. Borna treng deg!
Interessert?
Ta kontakt med fritidskoordinator Siri Linn Opsahl på e-post: siri.opsahl@stryn.kommune.no for meir informasjon og påmelding. Vi ser fram til å høyre frå deg!
Del på:
-
Sommarferiedagar for ungdom!
Ung i Stryn inviterar til ÅRETS "SOMMARFERIEDAGAR FOR UNGDOM"! Vi har eit fullspekka program som går dei to første vekene av sommarferien, men vi har også spart på nokre go`bitar til den siste veka før skulestart! Uansett - vi håpar at mange vil finne noko som dei har lyst å delta på - og kanskje skape minner og opplevingar for livet!
-
Varslingsprøve 10. juni kl. 12.00
Onsdag 10. juni kl 12.00 blir Nødvarsel på mobil og tyfonane (Sivilforsvaret sitt varslingsanlegg) testa over heile Noreg i ei felles nasjonal varslingsprøve.
-
Siste møteplass før sommaren
Familienes møteplass – siste samling før sommarferien
-
Gratulere med dagen!
I dag, 8. mai, markerer vi ein av dei viktigaste dagane i norsk historie.