-
Bli med som bøssebærar for TV-aksjonen!
Søndag 18. oktober går årets TV-aksjon av stabelen, der inntektene går til NRC Flyktninghjelpen under temaet «Saman for menneske på flukt»
Ny sesong for Stikk UT!
Stikk UT! gjer det enkelt å finne fine turmål!Stikk UT! er Noregs største turtrim og engasjerar titusenvis av mennesketil å kome seg ut på tur! Turane vert registrert i Stikk UT! appen eller på stikkut.no. Sommearsesongen varer fra 1. mai til 31. oktober og vintersesongen varer fra 1.desember til 2.påskedag. Stikk UT! består av turmål i fire ulike graderingar; frå lette til krevjande turar. Alle Stikk UT!-turane er skilta, har retningspiler i stikryss og har turskildringar med spor i kart (digitalt). Dette gjer det enkelt og trygt å finne fram.
Den praktiske tilretteleggingen av Stikk UT! - turane er i stor grad gjort av frivillige, og graden av skilting og tilrettelegging vil variere. Les derfor turbeskrivelsen nøye, og sett deg inn i forholda rundt kvar enkelt tur, særleg om du skal til ein ny stad. Du er sjølv ansvarleg for din eigen tryggleik på tur.
Sjekk ut Stikk UT! på nett eller app, og finn dine neste turmål, inviter med andre og bli inspirert til aktivitet og tur i vakker natur.
Del på:
-
Kva meiner du om reiselivet i Stryn?
Reiselivet skaper aktivitet, arbeidsplassar og gode opplevingar, men kan òg føre til utfordringar for naturen og lokalsamfunna våre.
-
Skarsteinsetra opp, 12. september!
Om du springe, syklar, går eller trillar er du velkommen til å delta på årets begivenhet Skarsteinsetra opp i Olden, arrangert av Olden Idrettslag.
-
Når Nils Vik legg ut på si siste reise
Teater Vestland tek Frode Grytten sin prisvinnande roman «Den dagen Nils Vik døde» til scena. Det blir ei forteljing om eit heilt liv, om kjærleik, menneskemøte og den siste reisa ut fjorden. Sjå framsyninga i Oppstryn 09.september eller i Aldaheim i Olden 10.september
-
Friluftslivets veke
Finn din tur, og bli med å feire norsk natur