-
Bli med som bøssebærar for TV-aksjonen!
Søndag 18. oktober går årets TV-aksjon av stabelen, der inntektene går til NRC Flyktninghjelpen under temaet «Saman for menneske på flukt»
Vestlandet kjem til Aldaheim og Trudvang!
Bli med på ei framsyning utanom det vanlege! Framsyninga Vestlandet er eit gjestespel frå Teater Vestland, som tek deg med på ei reise gjennom Vestlandets storslåtte natur og dramatiske historie, der draum og røyndom smeltar saman i ei surrealistisk hyllest til regionen sitt særpreg.Kvifor bør du sjå Vestlandet?
- Ei dramatisk reise: Følg forfattar Erlend og kunstnar Yngve på ein heisatur gjennom Vestlandets landskap og historie i ein nikotingul Toyota Camry.
- Humor og satire: Draum, røyndom og vestlandske sinnelag, framført med glimt i auget.
- Prisvinnande historie: Basert på Erlend O. Nødtvedts kritikarroste bok Vestlandet, som har fått kultstatus.
Sagt om boka
- Vestlandet blir aldri det same etter dette – NRK
- Et surrealistisk univers med Twin Peaks-assosiasjoner – BT
- Fjorårets morsomste roman – Civita
Trudvang 04.04.25
Aldaheim 03.04.25
Del på:
-
Kva meiner du om reiselivet i Stryn?
Reiselivet skaper aktivitet, arbeidsplassar og gode opplevingar, men kan òg føre til utfordringar for naturen og lokalsamfunna våre.
-
Skarsteinsetra opp, 12. september!
Om du springe, syklar, går eller trillar er du velkommen til å delta på årets begivenhet Skarsteinsetra opp i Olden, arrangert av Olden Idrettslag.
-
Når Nils Vik legg ut på si siste reise
Teater Vestland tek Frode Grytten sin prisvinnande roman «Den dagen Nils Vik døde» til scena. Det blir ei forteljing om eit heilt liv, om kjærleik, menneskemøte og den siste reisa ut fjorden. Sjå framsyninga i Oppstryn 09.september eller i Aldaheim i Olden 10.september
-
Friluftslivets veke
Finn din tur, og bli med å feire norsk natur