-
Idag er det ikkje lenger lov til å brenne bål- kan du reglane for bål og ferdsel i naturen?
I Noreg er det eit generelt bålforbud fra 15. april til 15. september kvart år
Spennande foredrag på Stryn bibliotek!
Kom å bli med på digitale foredrag på Stryn Bibliotek!Stryn bibliotek presenterar eit heilt nytt tilbod på biblioteket i 2025: Om lag annakvar måndag kl. 11 – 12 kan du komme på biblioteket og vere med på digitale foredrag. Biblioteket har gått inn på eit samarbeid med Senioruni og kan difor tilby publikum i Stryn kvalitetsforedrag av anerkjente ekspertar og nokre av dei beste føredragshaldarane i landet.
Foredraga er direkte og publikum kan spørje foredragshaldar dersom dei ønskjer det. Dei blir arrangert annakvar måndag fram til sommaren og byrjar allereie måndag 13. januar kl. 11.00 med Marte Spurkland og “Historien bak 1178 netter”, den bestseljande boka om historien om eit tvangekteskap.
Tema på dei ulike foredraga vil vere innnanfor historie, samfunn og politikk, kunst og kultur, samt medisin og helse.
Det blir også mogleg å kjøpe lunsj med kaffe for ein billig pris, slik at det er mogeleg å ta ei utvida lunsjpause på biblioteket og få god påfyll både ernæringsmessig og intellektuelt saman med andre. Foredraga er som nemnd gjennom SeniorUni, men arrangementa er for alle og foredraga vil passe vaksne og eldre, og mange av dei vil også passe ungdom. Det er difor mogeleg å ta med seg VGS-elevar om dette er ønskeleg på nokre av foredraga.
Vårens program:
- Måndag 13. januar kl. 11: Marte Spurkland – 1178 netter – en historie om tvangsekteskap i Norge
- Måndag 20. januar kl. 14 (merk tida!): Arnt Stefansen – Fra kirkemaler til bacalao – nordmennenes unike historie i Sør-Amerika
- Måndag 27. januar kl. 11: Torolf Kroglund – Historien om eplet
- Måndag 10. februar kl. 11: Evy Johanne Håland – Fra Tinos til antikkens Athen: Fest, tro og kultur gjennom tidene
- Måndag 24. februar kl. 11: Prof. Dag Jørund Lønning – Den naturnære hagen
- Måndag 10. mars kl. 11: Linn Stalsberg – Krig er forakt for liv
- Måndag 24. mars kl. 11: Liv Bjørnhaug Johansen – Diagnose: Kvinne – Hvorfor kvinnehelse fortsatt overses i medisinen
- Måndag 7. april kl. 11: Vibeke Riiser-Larsen – Årstidene: Naturens under – fra hjernespisende dyr til vårens første humle
- Måndag 14. april. kl. 14 (merk tida!): Arnt Stefansen – Hva er typisk italiensk? En reise gjennom kultur, historie og lidenskap
- Måndag 5. mai kl. 11: Caroline Tromp – Tilbakeslaget – hva betyr den reaksjonære bølgen for oss?
- Måndag 19. mai kl. 11: Hege Sofie Hesselberg – Hvordan kan seniorer forbli i arbeid lengst mulig?
- Måndag 2. juni kl. 11: Magnus Takvam – Tett på makta – 40 år i norsk politisk journalistikk
- Måndag 16. juni kl. 11: Arnt Stefansen – Kirkens og pavens makt – en nøkkel til Italias historie
Del på:
-
Folkehelseundersøkinga 2026
I april 2026 får eit utval av innbyggjarar i Vestland over 18 år invitasjon til å delta i folkehelseundersøkinga. Undersøkinga er nettbasert, og dei som er plukka ut, får invitasjon på SMS eller e-post.
-
Vårryddeaksjon
Stryn kommune og Fjordane Friluftsråd inviterer til årets vårryddeaksjon. Vi håpar lag, organisasjonar og enkeltpersonar ynskjer å gjere ein innsats for å halde nærområda fri for avfall. Les meir på Stryn kommune sine heimesider.
-
Rock your socks- rokkesokk!
Kvart år den 21. mars markerer verda World Down Syndrome Day. I Noreg har markeringa fått namnet Rockesokk, og oppmodinga er enkel: Ta på deg to ulike sokkar denne dagen.
-
Å stille klokka – kvifor gjer vi det eigentleg?
To gonger i året må mange av oss hugse det same: Klokka skal stillast. Om våren stiller vi klokka fram ein time, og om hausten stiller vi ho tilbake igjen. For mange betyr det ei litt trøytt morgon i mars – og ei ekstra time søvn ein gong i oktober. Men kvifor gjer vi dette, og kva betyr det i praksis?