-
Bli med som bøssebærar for TV-aksjonen!
Søndag 18. oktober går årets TV-aksjon av stabelen, der inntektene går til NRC Flyktninghjelpen under temaet «Saman for menneske på flukt»
Gjev pris til Markane IL!
Vestland fylkeskommune hedra Markane IL som årets idrettslag- topp!Markane idrettslag i Stryn har fått fram fleire gode skiskyttarar som har utmerka seg på både nasjonalt og internasjonalt nivå. Dei har gjennom systematisk arbeid gjennom fleire år, i samarbeid med andre aktørar, klart å skape eit prestasjonsmiljø som har fått fram fleire gode skiskyttarar. To av dei er skiskyttarbrørne Johannes og Tarjei Bø, som til saman har teke 78 OL- og VM-medaljar.
Men juryen for prisen legg særleg vekt på at idrettslaget i tillegg har 21-åringen Maren Hjelmeset Kirkeeide. Ho har utmerkt seg dei siste åra og er no ein del av elitelandslaget i skiskyting. I tillegg er det mange andre unge, lovande utøvarar som gjer det godt på nasjonalt nivå i noregscup og NM.
– Det syner at Markane ikkje kviler på verken laurbæra eller Bø-brørne, men framleis jobbar godt for å få fram nye skiskyttarar, vi håpar prisen kan vere til inspirasjon for vidare satsing, seier Jon Askeland i Vestland fylkeskommune.
Del på:
-
Kva meiner du om reiselivet i Stryn?
Reiselivet skaper aktivitet, arbeidsplassar og gode opplevingar, men kan òg føre til utfordringar for naturen og lokalsamfunna våre.
-
Skarsteinsetra opp, 12. september!
Om du springe, syklar, går eller trillar er du velkommen til å delta på årets begivenhet Skarsteinsetra opp i Olden, arrangert av Olden Idrettslag.
-
Når Nils Vik legg ut på si siste reise
Teater Vestland tek Frode Grytten sin prisvinnande roman «Den dagen Nils Vik døde» til scena. Det blir ei forteljing om eit heilt liv, om kjærleik, menneskemøte og den siste reisa ut fjorden. Sjå framsyninga i Oppstryn 09.september eller i Aldaheim i Olden 10.september
-
Friluftslivets veke
Finn din tur, og bli med å feire norsk natur