-
Bli med som bøssebærar for TV-aksjonen!
Søndag 18. oktober går årets TV-aksjon av stabelen, der inntektene går til NRC Flyktninghjelpen under temaet «Saman for menneske på flukt»
Bibliotekbåten Epos kjem til Olden
Onsdag 16. oktober kjem Litteraturbåten Epos til Olden kai. Den vil legge seg til ved flytebrygga der det blir open og gratis familieframsyning kl. 18.00.“Det er ikkje lov å bite! Det kan jo dei fleste vere einige i, men visste du at dette er ei av lovene i Noregs landslov, som vart skriven for 750 år sidan? «Er det lov?» er ei leiken og heilt nyskriven framsyning for småtrinna eller heile familien, der me utfordrar barnas sans for rettferd og dykkar ned i ei frisk og frodig middelalderverd. Du møtar hemngjerrige kongar, mordariske forbrytarar, staute tingmenn, krigerske riddarar, tiggarmunkar, og han som prøvde å få litt meir orden på det heile: Magnus Lagabøte. Gjer deg klar til å bli forundra, underhaldt, kanskje litt irritert, og i alle fall engasjert på Litteraturbåten Epos. Skodespelar Lina Taule Fjørtoft står på scena, og Adele Lærum Duus har manus og regi.
Bøker, bygder og båt! Litteraturbåten Epos er Vestlandet sitt flytande litteraturhus. Båten har vore bokbåt i 60 år, no har innhaldet ny form som eit heilt unikt kulturtilbod – bygd på lange og gode tradisjonar. Dette er første gong at Litteraturbåten Epos besøker Stryn kommune i si noverande form. Den har tidlegare besøkt kommunen som bibliotekbåten Epos. Tidlegare på dagen vil den ha to framsyningar for barn i 3-7 trinn frå Loen, Olden og Vikane skule.
Del på:
-
Kva meiner du om reiselivet i Stryn?
Reiselivet skaper aktivitet, arbeidsplassar og gode opplevingar, men kan òg føre til utfordringar for naturen og lokalsamfunna våre.
-
Skarsteinsetra opp, 12. september!
Om du springe, syklar, går eller trillar er du velkommen til å delta på årets begivenhet Skarsteinsetra opp i Olden, arrangert av Olden Idrettslag.
-
Når Nils Vik legg ut på si siste reise
Teater Vestland tek Frode Grytten sin prisvinnande roman «Den dagen Nils Vik døde» til scena. Det blir ei forteljing om eit heilt liv, om kjærleik, menneskemøte og den siste reisa ut fjorden. Sjå framsyninga i Oppstryn 09.september eller i Aldaheim i Olden 10.september
-
Friluftslivets veke
Finn din tur, og bli med å feire norsk natur