-
Idag er det ikkje lenger lov til å brenne bål- kan du reglane for bål og ferdsel i naturen?
I Noreg er det eit generelt bålforbud fra 15. april til 15. september kvart år
Bufdir lyser ut midlar for å inkludere barn og unge
No kan du søke Bufdir om midlar gjennom «Tilskot til inkludering av barn og unge» for 2025!Målet med tilskotsordninga er å legge til rette for at alle born og unge skal ha moglegheit til meistring og samfunnsdeltaking.
Tilskotssordninga skal bidra til utvikling av opne møteplassar, deltaking på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanning. Målgruppa er born og unge i alderen 0 til og med 24 år.
Offentlege instansar, private aktørar og frivillege organisasjonar kan søke om pengar, og søknadsfristen er 1. november 2024.
Les meir om utlysinga og vilkåra på Bufdir sine sider: her
Kommunen ønskjer å tilby rettleiing og koordinering av tiltak med liknande tiltak og same målgruppe. Ta gjerne kontakt med Jannike Sunde før du søker
tlf 57 87 48 13
eller e-post: jannike.sunde@stryn.kommune.no
Del på:
-
Folkehelseundersøkinga 2026
I april 2026 får eit utval av innbyggjarar i Vestland over 18 år invitasjon til å delta i folkehelseundersøkinga. Undersøkinga er nettbasert, og dei som er plukka ut, får invitasjon på SMS eller e-post.
-
Vårryddeaksjon
Stryn kommune og Fjordane Friluftsråd inviterer til årets vårryddeaksjon. Vi håpar lag, organisasjonar og enkeltpersonar ynskjer å gjere ein innsats for å halde nærområda fri for avfall. Les meir på Stryn kommune sine heimesider.
-
Rock your socks- rokkesokk!
Kvart år den 21. mars markerer verda World Down Syndrome Day. I Noreg har markeringa fått namnet Rockesokk, og oppmodinga er enkel: Ta på deg to ulike sokkar denne dagen.
-
Å stille klokka – kvifor gjer vi det eigentleg?
To gonger i året må mange av oss hugse det same: Klokka skal stillast. Om våren stiller vi klokka fram ein time, og om hausten stiller vi ho tilbake igjen. For mange betyr det ei litt trøytt morgon i mars – og ei ekstra time søvn ein gong i oktober. Men kvifor gjer vi dette, og kva betyr det i praksis?