-
BUA VÅR ER OPEN
No er vi klar til å opne BUA igjen, både i Sentrum og i Olden.
Tome lokale skal fyllast med liv og leven!
Romma i Olden bygdetun (tidlegare helsetunet) fortenar meir enn å stå tome. Dette tenker elevar på Olden skule å gjere noko med, og inviterar alle som vil til å vere med å bidra!Olden Helsetun vart bygd for snart 40 år sidan etter initiativ frå Olden Raude Kross, og har husa både tannlege og tannpleier, lege, helsestasjon, fysioterapeut, fotterapeut, frisør og bibliotek. Det var ein viktig funksjon og møteplass for alle i Olden, og bygdene rundt. Då kommunestyret vedtok å avslutte leigeforholda for dei kommunale tenestene i helsetunet for 11 år sidan, vart det få leigetakarar attende. Til slutt vart delen av huset med kontor kun nytta til lager. Olden Helsetun byta namn til Olden Bygdetun. I den delen av huset som eldrelaget har nytta har det vore jamlege middager, møter og utleige til diverse hendingar, men fleire ytra frustrasjon over at dei sentrumsnære nabolokala stod tome, og har kome med ulike innspel om kva ein kunne nytta romma til.
Med Stryn Frivillegsentral som bindeledd, vart det i haust gjort ei leigeavtale med Olden Raude Kross som er eigar av bygget, med formål om å fylle huset med liv igjen. Med seg på laget har frivillegsentralen både med seg yngre og eldre krefter som har gode idear for aktivitet i huset. Både bruktbutikk, matlaging og utlånsentral var idear som kom fram under kartlegging av interesser og ressursar blant elevane i faget "innsats for andre" på Olden skule.
No er elevane godt i gong med å rydde, måle og gjere istand eit av romma til utlånssentralen BUA. Tanken er at ein skal knytte til seg fleire ressurspersonar i lokalmiljøet, som ønskjer å bidra til aktivitet og utvikling av møteplassar i huset.


Del på:
-
PEDER GALD I ORD, BILETE OG TONAR
Vi håpar mange finn vegen til Nordsida kyrkje laurdag 14. november kl. 18.00 eller Hornindal kyrkje søndag 15.november kl 1800
-
Tilskot til inkludering av barn og unge, søk midlar for 2027!
Har organisasjonen din idear til aktivitetar som kan gi fleire barn og unge ein meiningsfull fritid? No er Bufdir si tilskotsordning for inkludering av barn og unge open for søknadar.
-
Bli med som bøssebærar for TV-aksjonen!
Søndag 18. oktober går årets TV-aksjon av stabelen, der inntektene går til NRC Flyktninghjelpen under temaet «Saman for menneske på flukt»
-
Kva meiner du om reiselivet i Stryn?
Reiselivet skaper aktivitet, arbeidsplassar og gode opplevingar, men kan òg føre til utfordringar for naturen og lokalsamfunna våre.