-
Bli med som bøssebærar for TV-aksjonen!
Søndag 18. oktober går årets TV-aksjon av stabelen, der inntektene går til NRC Flyktninghjelpen under temaet «Saman for menneske på flukt»
Skarsteinsetra opp, 12. september!
Om du springe, syklar, går eller trillar er du velkommen til å delta på årets begivenhet Skarsteinsetra opp i Olden, arrangert av Olden Idrettslag.Skarsteinsetra Opp er ein motbakkekonkurranse som vart arrangert første gang i 2011. Her startar løpar og syklist samtidig i Olden sentrum og konkurrerer om å kome først opp til Skarsteinsetra. Dette gjev mange spennande duellar mellom desse. Trimklassen har rom for alle og det er mange som går med barnevogn. Trimklassen har god deltaking, og dette bidreg til feststemning i målområdet. Målgang er på idylliske Skarsteinsetra, som kan skilte med ei av dei finaste utsiktene i området.
Løypa er 4,6km med ein høgdeskilnad på 400m. Starten er i Olden sentrum. Deretter går løypa omlag 2km på asfalt. Dei resterande 2,6km er på grusveg og skogsveg. Det er spurtpris i Skarsteinstunet etter 1,2km og mellomtid på Gildestad etter 2,8 km. Løypa er godt merka og kjent for sine mange og underhaldande sponsorskilt. Sponsorane kjøper motbakkar og navngir desse.
Trimklasse. Konkurranseklasse løp frå 13 år, sykkel frå 17 år.
Pengepremiar for løyperekord dame og herre, samt beste tid gut, jente, dame og herre. Spurtpris.
Nytt: 3 deltakarar frå ei bedrift - Premie for beste samanlagt tid og lag nærast idealtid.
Praktisk informasjon:
Laurdag 12. september 2026 - Start i Olden sentrum mellom Bunnpris og Yris Kafe.
Trimklasse utan tidtaking: kl 11:45 - 12:45
Løp J/G 13-14 år og klasse 80 år+: kl 13:00
Løp 15 år+ og sykkel 17 år+: kl 13:15
Påmelding:
Frist : 10.09.2026 kl 23:59.
Påmelding konkurranseklassar via skjema under fana "påmeldingskjema" på www.oldenil.no.
Alternativt: Odd Kjetil Tonning tlf: 481 67 062, e-post: olden@outlook.com. Husk å gje opp namn, telefon, klasse, fødselsår og klubb.
Startkontingent til Olden IL, kontonr 3770 20 32211:
Kr 250 ved påmelding. G/J 13-14 år kr 100. Familie kr 350.
Etteranmelding for kr 100 i tillegg, seinast 1 time før start.
Trimklasse : kr 100. Familie kr 250. Påmelding ved start.
NB! Lisens: Forsikringsordning. Alle som ikkje har betalt heilårslisens til Norges friidrettsforbund/Norges Cykkelforbund må betale eingongslisens i tillegg til startkontingenten. Eingongslisens Løp kr. 30,-. Eingongslisens Sykkel kr. 150,-. Betalast saman med startkontingenten til Olden IL.
Startnummer hentast i startområdet.
Klassar:
J/G: 13-14år (kun løp),
D/H: 15-17år (kun løp), 18-20år, 21-29år, 30-39år, 40-49år, 50-59år, 60-69år, 70-79år, 80år+
Premiering:
• Kr 3.000 for løyperekordar (ikkje i G/J 13-14år)
• Kr 1.500 til beste tid G/J/D/H
• Kr 500 i spurtpris G/J/D/H (Kun ved 2 eller fleire deltakarar i klassen.)
• Kr 3.000 beste samanlagt tid bedriftslag
• Kr 1.500 nærast idealtid bedriftslag
Medalje til alle deltakarar i konkurranse og trimklasse. Uttrekkspremiar på startnummer. Pokalar i kvar klasse. 1/3 premiering.
Parkering i sentrum. Vennligst ikkje parker langs løypetraseen.
Uformell samling på Yris Kafe kl 21.00 med bildevisning.
Del på:
-
Kva meiner du om reiselivet i Stryn?
Reiselivet skaper aktivitet, arbeidsplassar og gode opplevingar, men kan òg føre til utfordringar for naturen og lokalsamfunna våre.
-
Når Nils Vik legg ut på si siste reise
Teater Vestland tek Frode Grytten sin prisvinnande roman «Den dagen Nils Vik døde» til scena. Det blir ei forteljing om eit heilt liv, om kjærleik, menneskemøte og den siste reisa ut fjorden. Sjå framsyninga i Oppstryn 09.september eller i Aldaheim i Olden 10.september
-
Friluftslivets veke
Finn din tur, og bli med å feire norsk natur
-
Sjekk familien for lus i helga!
Hovudlus er vanleg blant barn og kan spreie seg raskt når barn leiker og er tett saman. No er det tid for den nasjonale hovudluskampanjen, og vi oppmodar alle foreldre og føresette til å sjekke barna for hovudlus.