-
Bli med som bøssebærar for TV-aksjonen!
Søndag 18. oktober går årets TV-aksjon av stabelen, der inntektene går til NRC Flyktninghjelpen under temaet «Saman for menneske på flukt»
Vil du bli leseombud?
Eit leseombod les høgt for den som ikkje kan lese sjølv. Men det å vere eit leseombod er også mykje meir. Du er ein historieforteljar og gledesspreiar, eit lyspunkt i kvardagen og den som tek med lyttaren ut i verda.Dei aller fleste menneske er glade i å høyre ei god historie. Nokre kan mange historier utenat, andre kan finne gode historie i bøker. Ikkje alle klarar å lese sjølv, men dei aller fleste set pris på å bli lest høgt for. Det fins over 1000 aktive leseombud i Noreg. Blir du leseombod vil du delta i eit nettverk av leseombod og vil få oppfølging frå biblioteket i forhold til boktips og andre spørsmål.
Har du lyst å bli leseombod? Ta kontakt med bibliotekpersonalet på Stryn bibliotek tlf 57 87 48 80.
Du kan lese meir om leseombud HER
Del på:
-
Kva meiner du om reiselivet i Stryn?
Reiselivet skaper aktivitet, arbeidsplassar og gode opplevingar, men kan òg føre til utfordringar for naturen og lokalsamfunna våre.
-
Skarsteinsetra opp, 12. september!
Om du springe, syklar, går eller trillar er du velkommen til å delta på årets begivenhet Skarsteinsetra opp i Olden, arrangert av Olden Idrettslag.
-
Når Nils Vik legg ut på si siste reise
Teater Vestland tek Frode Grytten sin prisvinnande roman «Den dagen Nils Vik døde» til scena. Det blir ei forteljing om eit heilt liv, om kjærleik, menneskemøte og den siste reisa ut fjorden. Sjå framsyninga i Oppstryn 09.september eller i Aldaheim i Olden 10.september
-
Friluftslivets veke
Finn din tur, og bli med å feire norsk natur