-
Fjordane friluftsråd inviterar til to friluftsskular i Stryn i sommar!
Friluftsskule – opplevingar, meistring og friluftsglede 30.06-01.07- Innvik/Utvik 04.08-06.08- Stryn/Blakset
Idag er det ikkje lenger lov til å brenne bål- kan du reglane for bål og ferdsel i naturen?
I Noreg er det eit generelt bålforbud fra 15. april til 15. september kvart årUnder bålforbodet er hovudregelen at det ikkje er lov til å tenne bål, bruke bålpanner, eingongsgrill eller annan open ild i utmark. Kommunen kan likevel gje tillatelse til å tenne bål, dersom du søker om det.
I tidsrommet til det generelle bålforbodet er det likevel tillete å gjere opp ild/tenne bål der det openberrt ikkje kan begynne å brenne. For eksempel dersom det ligg snø på bakken, eller at det har vore mykje nedbør over lang tid. Det er viktig å hugse på at gnister kan fly langt, og at sjølv om det er vått og fuktig ved bålet, kan det vere svært tørt i nærleiken.
Du har lov til å grille eller bruke bålpanne langt unna skog og utmark, så lenge du meiner det er trygt. Dette kan for eksempel vere:
- I din eigen hage
- Friområda til burettslag og sameige
- Opne strandsoner som ikkje er i nærleiken av skog eller annan vegetasjon
- Friluftsområde nær bebygging
NB: Lokalt brannvesen, kommunen og grunneigarar kan ha fastsett eigne reglar. Sjekk derfor på førehand kva som gjeld der du er.
På Stryn kommune sine nettsider opplyser dei også om andre ferdselsreglat:
Bandtvang: Stryn kommune har vedteke lokal forskrift om utvida bandtvang. Bandtvangen gjeld frå 1. april til 15. oktober i heile kommunen. Forskrift om utvida bandtvang, Stryn kommune, Sogn og Fjordane
Beite: Om sommaren vert mange av turområda brukt til beite for sau og storfe. Vis omsyn om du møter beitedyr og ikkje jag dei. Meld frå til næraste gard om du kjem over sjuke, skadde eller døde dyr
Praktiser skånsam ferdsel, og ikkje ta deg til rette på private vegar, tun og stølar
Bråtebrenning er ikkje tillatt uansett tid på året i område med tett bebyggelse og i bustadfelt
Ver forsiktig med eingongsgrillar
Kast ikkje søppel i naturen. Flaskeskår og blikkboksar kan skade både dyr og folk, det same kan rista frå eingongsgrillen
La sjeldne og sårbare vekstar få stå i fred. Dei er vakrast der dei står
Del på:
-
Sommarferiedagar for ungdom!
Ung i Stryn inviterar til ÅRETS "SOMMARFERIEDAGAR FOR UNGDOM"! Vi har eit fullspekka program som går dei to første vekene av sommarferien, men vi har også spart på nokre go`bitar til den siste veka før skulestart! Uansett - vi håpar at mange vil finne noko som dei har lyst å delta på - og kanskje skape minner og opplevingar for livet!
-
Varslingsprøve 10. juni kl. 12.00
Onsdag 10. juni kl 12.00 blir Nødvarsel på mobil og tyfonane (Sivilforsvaret sitt varslingsanlegg) testa over heile Noreg i ei felles nasjonal varslingsprøve.
-
Siste møteplass før sommaren
Familienes møteplass – siste samling før sommarferien
-
Gratulere med dagen!
I dag, 8. mai, markerer vi ein av dei viktigaste dagane i norsk historie.