-
Bli med som bøssebærar for TV-aksjonen!
Søndag 18. oktober går årets TV-aksjon av stabelen, der inntektene går til NRC Flyktninghjelpen under temaet «Saman for menneske på flukt»
Hugs bandtvang frå 1.april
Det er lovbestemt at det skal vere bandtvang frå 1. april til 20.august, men med nokre unntak.Det er populært å ha hund, men det stiller visse krav til eigaren. Ein hundeeigar skal vise aktsemd for å unngå at hundar valder skade på folk, dyr, eigedom eller ting, og skal dessuten sørge for at hundehaldet ikkje er til urimeleg ulempe for folk, miljø eller andre interesser. Reglane om bandtvang er fastsatt i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehald (hundeloven) § 6. Det er ein del unntak, for hundar i reindrift, bufehund og hundar brukt i aktiv teneste i politi-, toll-, militær- og redningsarbeid.
Den enkelte kommune kan i tillegg etter nærmare gjevne kriteriar gje eigne forskrifter om bandtvang. Dette gjeld blant anna turstiar og vegar, skiløyper, idrettsanlegg og leir- og rasteplassar. Kommunen kan også gje forskrifter om hundehald av omsyn til alminneleg ro og orden og for å motverke forsøpling. Disse forskriftene kan finnes ved å søke på Lokale forskrifter og se på den aktuelle kommunen.
I Stryn kommune gjeld bandtvangen til 15.oktober!
Del på:
-
Kva meiner du om reiselivet i Stryn?
Reiselivet skaper aktivitet, arbeidsplassar og gode opplevingar, men kan òg føre til utfordringar for naturen og lokalsamfunna våre.
-
Skarsteinsetra opp, 12. september!
Om du springe, syklar, går eller trillar er du velkommen til å delta på årets begivenhet Skarsteinsetra opp i Olden, arrangert av Olden Idrettslag.
-
Når Nils Vik legg ut på si siste reise
Teater Vestland tek Frode Grytten sin prisvinnande roman «Den dagen Nils Vik døde» til scena. Det blir ei forteljing om eit heilt liv, om kjærleik, menneskemøte og den siste reisa ut fjorden. Sjå framsyninga i Oppstryn 09.september eller i Aldaheim i Olden 10.september
-
Friluftslivets veke
Finn din tur, og bli med å feire norsk natur