-
Bli med som bøssebærar for TV-aksjonen!
Søndag 18. oktober går årets TV-aksjon av stabelen, der inntektene går til NRC Flyktninghjelpen under temaet «Saman for menneske på flukt»
Fjordane Friluftsråd arrangerar friluftsskular i Stryn
Fjordane Friluftsråd arrangerar to friluftsskular i området i juni og august, påmelding opnar 1.april! PS- det er gratis!!Friluftsskulen passar for barn mellom 9-13 år, og det er plass til 20 born pr gruppe. Den første skulen vert arrangert frå 24.-26. juni og har base på Utvikfjellet, medan den andre er frå 6.-8. august, og foregår i Stryn/Blakset.
Friluftsskulen er eit dagstilbod for born og unge i kommunen som vil foregå i ulike naturmiljø alt etter kva kommune den gjennomførast i. Vi har som mål å gje born og unge gode opplevingar i og med naturen, i tillegg til at det skal vere ein positiv introduksjon til friluftsliv med fokus på kjekke aktivitetar og leik.
Over lengre avstandar kan vi få behov for å nytte buss for å komme til ulike stader. Friluftsskulen har gjennomgåande fire hovudtema i aktivitetsopplegget. Det er fokus på rettar og pliktar i allemannsretten, orientering og bruk av kart og kompass på land og på sjøen, korleis ein finn og lagar leirplass. Til slutt er det ein tur eller ekspedisjon.
Undervisninga startar kl 9 og sluttar kl 15 den fyrste dagen. Dag 2 startar vi kl 9 og overnattar til dag 3. Dag 3 avsluttar vi kl 15. Det er frivillig om ein ynskjer å overnatte og foreldre er hjarteleg velkommen til å delta. Stort sett vil undervisninga føregå samla, men ved enkelte høve vil vi dele deltakarane i mindre grupper.
Vi veit at værforholda på Vestlandet er skiftande, der vind og nedbør kan kome med jamne mellomrom. Eit undervisningsopplegg med båtar og kajakkar ved kysten krev at vi har lite vind. Dagsprogramma er difor fleksible slik at vi kan endre og ha alternative løysingar dersom værtilhøva vert for vanskelege.
Det vert også sendt ut eit infoskriv med pakkeliste til føresette omlag ei veke før Friluftsskulen skal haldast. LES MEIR

Del på:
-
Kva meiner du om reiselivet i Stryn?
Reiselivet skaper aktivitet, arbeidsplassar og gode opplevingar, men kan òg føre til utfordringar for naturen og lokalsamfunna våre.
-
Skarsteinsetra opp, 12. september!
Om du springe, syklar, går eller trillar er du velkommen til å delta på årets begivenhet Skarsteinsetra opp i Olden, arrangert av Olden Idrettslag.
-
Når Nils Vik legg ut på si siste reise
Teater Vestland tek Frode Grytten sin prisvinnande roman «Den dagen Nils Vik døde» til scena. Det blir ei forteljing om eit heilt liv, om kjærleik, menneskemøte og den siste reisa ut fjorden. Sjå framsyninga i Oppstryn 09.september eller i Aldaheim i Olden 10.september
-
Friluftslivets veke
Finn din tur, og bli med å feire norsk natur