-
Gratulere med dagen!
I dag, 8. mai, markerer vi ein av dei viktigaste dagane i norsk historie.
Årets utlysing for inkludering av barn og unge er klar!
Søk BUFDIR- midlar innan 03.11.2023!No kan du søke Bufdir om midlar gjennom «Tilskudd til inkludering av barn og unge» for 2024!
Målet med tilskotsordninga er å legge til rette for at alle born og unge skal ha moglegheit til meistring og samfunnsdeltaking. Tilskuddsordninga skal bidra til utvikling av opne møteplasser, deltaking på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp. Målgruppa er born og unge i alderen 0 til og med 24 år.
Offentlege instansar, private aktørar og frivillege organisasjoner kan søke om midlar, og søknadsfristen for tilskotsåret 2024 er 03.november 2023.
Les meir om utlysinga og vilkåra på Bufdir sine sider: https://ny.bufdir.no/tilskudd/inkludering-av-barn-og-unge/
Kontaktpersonen i Stryn kommune er Jannike Sunde, og kan nås på e-post: jannike.sunde@stryn.kommune.no
Del på:
-
No kan ungdomsskulel-elevar tene pengar til klassekassa gjennom dugnad!
Ved å utføre samfunnsnyttig dugnadsarbeid får ungdommane verdifull erfaring med frivillig innsats, samtidig som dei bidreg positivt i lokalsamfunnet og tener pengar til klassekassa. Søknad skjer enkelt gjennom eit digitalt skjema, og det er inga søknadsfrist.
-
Idag er det ikkje lenger lov til å brenne bål- kan du reglane for bål og ferdsel i naturen?
I Noreg er det eit generelt bålforbud fra 15. april til 15. september kvart år
-
Folkehelseundersøkinga 2026
I april 2026 får eit utval av innbyggjarar i Vestland over 18 år invitasjon til å delta i folkehelseundersøkinga. Undersøkinga er nettbasert, og dei som er plukka ut, får invitasjon på SMS eller e-post.
-
Vårryddeaksjon
Stryn kommune og Fjordane Friluftsråd inviterer til årets vårryddeaksjon. Vi håpar lag, organisasjonar og enkeltpersonar ynskjer å gjere ein innsats for å halde nærområda fri for avfall. Les meir på Stryn kommune sine heimesider.