-
BUA VÅR ER OPEN
No er vi klar til å opne BUA igjen, både i Sentrum og i Olden.
Årets Frivilligpris er kåra!
Frivilligprisen er delt ut for året 2023 til Bjørg Jorunn Vinsrygg SteenÅrets prisvinnar er den yngste gjennom tidene.
Det kan også godt vere at ho er ein av dei som har lengst fartstid som frivillig her, i tillegg til leiarverv og drivkraft i vår kommune. I 44 år inkludert dei åra ho var vekke i utdanning vore frivillig og ei eldsjel. Gloppen og Hamar har hatt gleda av å ha vår vinnar i det frivillige virket der.
Det heile starta rundt kjøkkenbordet i heimen. Ei mor som tende gnisten i å sjå urettferd i verda.
Ho samla naboungar rundt same bordet og med hjelp av mor laga dei fine ting og selde desse tinga til inntekt for Redd Barna.
Perleklubben besto i mange år, og heile tida med same mottakar av pengane dei samla inn. Barn hjelper Barn gjennom Redd Barna.
I tillegg skal vi nemne på rekk og rad:
Folkedansinstruktør i Stryn Ungdomslag
Aspirantinstruktør Korps
Korleiar for fleire barnekor, ungdomskor og blandakor
Dirigent for Stryn skulekorps
Leiar for Stryn Ungdomslag
Instruktør for Babysong gruppa
Aktivitetsleiar på måndagsdiskotek for psykisk utviklingshemma
Oppmann i handball G 14
Teaterinstruktør for ulike oppsettingar
Medarrangør for kulturnatt
Soknerådet
Scenekunstlinja på Flo aktivitetsveke
Musikalsk leiar for Fargespel Stryn
Kasserer i Redd Barna Stryn
Som de høyrer, er barn og unge ein raud tråd gjennom alt arbeid denne personen har driv med alle desse åra. Dei aller fleste barn her i sentrum har vore i kontakt med henne i kulturlivet vårt.
Kvar ei bygd skulle vore velsinga av ei kraft som
BJØRG JORUNN VINSRYGG STEEN.
Stryn Frivilligsentral og alle her i salen gratulerer så mykje med velfortent pris.
Foto: Roger Oldeide Fjordingen
Del på:
-
PEDER GALD I ORD, BILETE OG TONAR
Vi håpar mange finn vegen til Nordsida kyrkje laurdag 14. november kl. 18.00 eller Hornindal kyrkje søndag 15.november kl 1800
-
Tilskot til inkludering av barn og unge, søk midlar for 2027!
Har organisasjonen din idear til aktivitetar som kan gi fleire barn og unge ein meiningsfull fritid? No er Bufdir si tilskotsordning for inkludering av barn og unge open for søknadar.
-
Bli med som bøssebærar for TV-aksjonen!
Søndag 18. oktober går årets TV-aksjon av stabelen, der inntektene går til NRC Flyktninghjelpen under temaet «Saman for menneske på flukt»
-
Kva meiner du om reiselivet i Stryn?
Reiselivet skaper aktivitet, arbeidsplassar og gode opplevingar, men kan òg føre til utfordringar for naturen og lokalsamfunna våre.